Inaktiv

50% fast stilling som  miljøterapeut/miljøarbeidar

Arbeidsgiver
F.t. psykisk helse, Familie og Helse, Bremanger kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut/miljøarbeidar
Frist
13.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig fast 50% stilling som miljøterapeut , for tida i psykisk helse. 

Det er arbeidstid to ettermiddagar i veka. 

Arbeidsoppgåver

  • Støttesamtaler
  • Tilsyn av ulike behov
  • Treningskontaktoppgåver innanfor psykisk helse og barnevern
  • Andre relevante arbeidsoppgåver kan kome til

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i helse eller sosialfag, eller liknande
  • Miljøarbeidar med relevant erfaring og vidareutdanning
  •  
  • Erfaring frå arbeid/møte med mennesker med ulike utfordringar psykisk/somatisk
  • Erfaring frå psykisk helse, helseføretak eller liknande
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Gode og oppdaterte dataferdigheiter
  • Førarkort klasse B
  • Oppdatert politiattest 

Personlege eigenskapar

  • God relasjonsbygger
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Motiverande
  • Strukturert og kan planlegge eige arbeid
  • Ansvarsbevist og arbeider sjølvstendig
  • Evner til å arbeide i team

Du må vere fleksibel og like å vere "på farten" då vi har ein kommune som er stor i areal, og heile kommunen vil vere ditt arbeidsområde.

Vi legg stor vekt på personleg eignaheit.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje.
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre.  Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid.
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå         arbeidsgivar.
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf lokal avtale.
  • Senioravtale for tilsette over 62 år.  Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid.  Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
  • Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette.
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet.
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass.
  • Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse.
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen.
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg.     

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

 

Kontaktinformasjon

Anita Brevik, Driftssjef Familie og helse, +47 95982939

Arbeidsstad

Granden 12

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune


Referansenr.: 4862899486

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 13.10.2024

Sted
Granden 12, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
371977116
Sist endret
23. sep. 2024 12:48