Helsefagarbeidar til stilling på natt

Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk/Avdeling stemningslidingar/ Seksjon S6, Helse Bergen
Stillingstittel
Ledig stilling for helsefagarbeidar på natt
Frist
06.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.

S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 sengeplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet.

Vi har eit godt arbeidsmiljø på natt, og har nå ei ledig 80% fast stilling på natt med arbeid pt kvar 3. helg for ein helsefagarbeidar/hjelpepleiar.

Tiltredelse etter nærare avtale. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke. 


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av pasientar og utvikling/evaluering av helsefaglege og miljøterapeutiske tiltak med fokus på individuelle behov, tryggleik og god søvnhygiene for pasientane
  • Utøve god miljøterapi under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar
  • Delta i det tverrfaglege arbeidet i posten, herunder gjennomføring av den planlagde behandlinga av pasientar i tråd med god klinisk praksis, sjukehusets mål og etter gjeldande regelverk
  • Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak
  • Praktiske oppgåver knyttet til drift av sengepost
  • Forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Relevant erfaring frå sjukehus/psykiatri er ønskeleg
  • Vi ønsker å knytte til oss medarbeidarar som er fleksible, samarbeidsvillige og fagleg engasjerte 
  • Erfaring frå arbeid med psykisk sjuke menneske er en fordel
  • Personleg eignethet er eit krav
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad  

Personlege eigenskapar

  • Du skapar gode relasjonar til dei rundt deg og blir sett på som ein ressurs
  • Du er løysingsorientert, tolmodig, god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du liker utfordringar og trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Opplæring i terapeutisk meistring av aggresjon
  • Lønn i samsvar med gjeldande overinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Jan Legreid, Seksjonsleiar, 55958762

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4863023016

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 06.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
371984690
Sist endret
23. sep. 2024 01:21