Overlege
- Arbeidsgiver
- Poliklinikk rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Overlege
- Frist
- 02.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi søkjer ein engasjert overlege med fagleg teft og gode samarbeidsevner til vår poliklinikk i Molde! Tilsetting snarast eller etter avtale.
Vi har ein livleg arbeidsplass som består av bl.a. overlege, psykologspesialist, sosialarbeidarar med vidareutdanning, spesialsjukepleiar, spesialpedagogar og familieterapeut. TSB avdelinga har per i dag 4 overlegar med spesialitet i rus- og avhengigheitsmedisin. I tillegg er det 6 legar som har starta på LIS-løp (lokalisert både i Molde og Ålesund). Det er tett medisinskfagleg samhandling internt i helseføretaket, samt lokale faglege møtepunkt for legar i avd. TSB.
TSB avd. er oppteken av fagleg utvikling, og har fleire pågåande forskingsprosjekt knyta til PhD-løp. Molde behandlingssenter - langtidsdøgn tilbyr ein behandlingsmetodikk for traume i kombinasjon av narrativ eksponeringsterapi-NET og dialektisk åtferdsterapi -DBT i tillegg til rusbehandling. Vidare satsing tilknytt våre poliklinikkar er implementering av kunnskapsbasert traumebehandlingstilbud til voksne, med fokus på to behandlingsmetoder; Eye Movement Desensitization and Reprosessing (EMDR) og Kognitiv terapi for PTSD (CT-PTSC), noko som er eit samarbeidsprosjekt med Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress.
Avdeling TSB gjev tverrfagleg spesialisert behandling til vaksne med rus- og avhengigheitslidingar. Som lege vil arbeidet omfatte utgreiing og behandling av avhengigheitslidingar, men i mange høve inkluderar dette også komorbide psykiske- og somatiske utfordringar. I tillegg gjev avdelinga tilbod om Legemiddelassistert rusbehandling (kjent som LAR). Avdeling TSB HMR er godkjent for utdanningsløp i spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin.
Individuelt tilpassa behandling vert gjeve i form av poliklinisk oppfølging, avrusing (akutt og elektiv) samt differensiert døgnbehandling. Avdelinga består av poliklinikk, avrusning og korttidsdøgn i Ålesund, og poliklinikk og langtidsdøgn i Molde. I tillegg tilbyr TSB eigen poliklinisk oppfølging til pårørande, behandling av spelavhengigheit og behandling av anabole steroider. For å sikre heilskaplege og koordinerte tenestar samarbeidar TSB med ulike eksterne instanser.
Arbeidsplassen er lokalisert midt i Molde by med mange fasilitetar i umiddelbar nærleik. Det er fleksibel arbeidstid, med kjernetid frå kl 09 -15. Det er inga vaktordning og med ei familietilpassa arbeidstid.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Mottak, utredning, diagnostisering og behandling av pasientar med rus-og avhengigheitslidingar og komorbiditet
- Poliklinisk oppfølging av pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, inkludert LAR (legemiddelassistert rehabilitering)
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsrelasjoner
- Sjølvstendig arbeid under veiledning i tverrfaglig team
- Bidra fagleg gjennom undervisning, veiledning og teamarbeid
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon.
- Primært ønskes overlege i rusmedisin eller psykiatri, evt. med annen aktuell spesialitet.
- Lege uten spesialisering kan også søke. For LIS må turnusteneste (LIS del 1) være godkjent.
- Du må håndtere ett av de skandinaviske språka munnleg og skriftleg.
- Du må ha god skriftleg dokumentasjonsevne.
- Det er ønskjeleg at du har relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring.
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper.
- Du kommuniserer godt med pasienter og medarbeidere.
- Du arbeider sjølvstendig, men søkjer råd ved behov.
- Du arbeider strukturert og målretta.
- Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
- Å vere personleg eigna vert vektlagt
- Interesse for nye arbeidsformer innan rusfaget
Vi tilbyr
- Eit godt og fagleg engasjert arbeidsmiljø med fokus på tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og delta i forskning
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Rekrutteringstillegg
- Variert, utfordrande og lærerik teneste
- Fleksible ordninger
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og
padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og
fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale
ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og
spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Kontaktinformasjon
Merethe Wenaas, Konst. seksjonsleiar, +47 97580780, merethe.wenaas@helse-mr.noArbeidsstad
Strandgata 16415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4861618844
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Strandgata 1, 6415 Molde
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Psykolog, Lege
- FINN-kode
- 371996468
- Sist endret
- 21. nov. 2024 07:48