Inaktiv

Fagarbeidar/assistent

Arbeidsgiver
Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent
Frist
06.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ulstein vidaregåande skule har ledig ei 80% fast stilling som fagarbeidar/assistent frå 1.november 2024. 

 

 


Arbeidsoppgåver

Oppfølging av elevar i vidaregåande opplæring som har behov for individuelt tilrettelagd opplæring og personleg assistanse. Stillinga er per dato knytt til ei klasse for individuelt tilrettelagd opplæring.

Kvalifikasjonar

Har fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar, eller har anna relevant utdanning og erfaring.
Relevant erfaring kan erstatte formell utdanning.

Personlege eigenskapar

Ein tydeleg vaksen som har lyst til å arbeide med ungdommar i eit godt fagmiljø.
Er pålitelig og har gode samarbeidsevner.
Er positiv og fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver.
Er tålmodig og viser omsorg for elevane.
Kan kommunisere og samhandle med ungdom i ulike opplæringssituasjonar.

Vi tilbyr

  • Eit godt fagmiljø og eit aktivt og variert arbeidsfellesskap. Opplæring og rettleiing vert gitt undervegs.
    Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
    Løn etter tariff
    Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

    Andre opplysningar:
    Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
    Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
    Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
    Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Margaret Alme, Rektor, +47 95839744

Arbeidsstad

Holsekerdalen 180

6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune


Referansenr.: 4861384160

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 01.11.2024

Søknadsfrist: 06.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Holsekerdalen 180, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
372010969
Sist endret
24. sep. 2024 06:19