Forskar ved Institutt for politikk og forvaltning
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Forskar ved Institutt for politikk og forvaltning
- Frist
- 20.10.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Institutt for politikk og forvaltning ved Universitetet i Bergen utlyser midlertidig stilling som forskar. Varigheita av forskarstillinga (100%) er 2 år. Kandidaten vil bli ein del av det norske koordinatorteamet for European Social Survey (ESS), som er prosjektfinansiert av Noregs forskingsråd. ESS er ei akademisk driven tverrnasjonal undersøking som har blitt gjennomført over heile Europa sidan etableringa i 2001.
Stillinga gir ein sjanse til å delta i vitskapleg arbeid på den internasjonale forskingsfronten. Kandidaten vil bli støtta i si akademiske utvikling og i å bli ein sjølvstendig forskar.
Vi ser etter ein kandidat med (1) fagkunnskap om spørjeundersøkingar, og (2) sterke kvantitative metodeferdigheiter, og som vert motivert av høvet til å samle inn survey- og eksperimentdata.
Institutt for politikk og forvalting dekkjer statsvitskap, studiar av offentleg politikk, offentleg administrasjon, demokrati og deltaking, og politiske institusjonar og organisasjonar. Instituttet tilbyr bachelor-, master- og PhD-gradar i statsvitskap/offentleg administrasjon og er eitt av dei sju institutta ved Det Samfunnsvitskaplege Fakultet.
Om prosjektet og arbeidsoppgåver:
ESS gjennomfører ansikt-til-ansikt-intervju annakvart år, med nyrekrutterte tverrsnittsutval. I nær framtid vil vi gå over til intervju ved sjølvutfylling, at respondentane vil ta undersøkinga på nett eller på papir. Den komande runden, runde 12, vil vere ein blanding av desse modusane. Dette gir ein flott moglegheit til å gjennomføre undersøkingar om moduseffektar eller andre metodologiske undersøkingar. Forskaren vil vere del av det framifrå surveyforskingsmiljøet ved UiB, og vil bli invitert til å bli med i ein av dei tematiske forskingseiningane som nyttar Digital Social Science Core Facility (DIGSSCORE) sin nettbaserte undersøkingsinfrastruktur, Norsk medborgerpanel: https://www.uib.no/en/digsscore/122183/thematic-research-units. Forskaren vil bidra til alle aspekt av gjennomføringa av ESS-undersøkinga i Noreg, samt følgje eigne forskingsinteresser. Arbeidsoppgåver inkluderer, men er ikkje avgrensa til:
- Koordinering med a) ESS si sentrale leiing i London, b) surveybyrå som gjennomfører feltarbeid, og c) nasjonale koordinatorar i andre medlemsland,
- Omsetjing og kvalitetssikring av norske spørjeskjema,
- Overvaking av feltarbeid,
- Dataanalyse og formidling av resultat,
- Sjølvstendig vitskapleg forsking, samt samarbeidande forsking i teamet,
- Delta i organiseringa av forskingsaktivitetar og arrangement, som konferansar, workshops, felles publikasjonar og nettaktivitetar, og
- Å aktivt bidra til det akademiske livet ved instituttet.
Stillinga gir rikeleg moglegheiter til å utvikle eiga forsking og prosjektleiingsferdigheiter, og til å bli ein del av eit europeisk nettverk av surveyforskarar. Det vil også vere moglegheiter for undervisning knytt til prosjektet.
Kandidaten er venta å bu og arbeide i Bergensregionen og bidra aktivt til felles aktivitetar ved instituttet.
Startdato: vinteren 2024/2025.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha ein PhD eller ein tilsvarande grad innan statsvitskap eller eit anna relevant fagområde, med krav om oppnådd doktorgrad seinast 6 månader etter søknadsfrist (innan 20. april 2025). Graden må vere oppnådd før oppstart i stillinga.
- Ha produsert akademisk arbeid passande for stadiet i karrieren
- Dokumenterte ferdigheiter i dataanalyse. Kompetanse i R er ein fordel.
- Evne og vilje til å arbeide sjølvstendig så vel som i team.
- Gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg engelsk er nødvendig.
- Gode ferdigheiter i norsk språk er ein fordel.
Søkjarar vil bli vurdert basert på forskinga deira og korleis den passar med prosjektet; kandidaten sine metodeferdigheiter; kandidaten sin interesse for prosjektet sitt tema; planar for framtidig forsking, og kvaliteten på publikasjonane.
Kandidatar som kjem vidare kan bli invitert til intervju.
Søkjarar blir råda til å gjere seg kjent med undervisnings- og forskingsprofilen ved instituttet, sjå https://www.uib.no/gov.
Vi kan tilby:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Årsløn som forskar, stillingskode 1109, NOK 624500, - (lønssteg 64 i det statlege regulativ) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden må inkludere:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga.
- Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiar frå PhD-programmet.
- CV.
- Karakterutskrift, vitnemål og attestar og offisiell stadfesting på at doktoravhandlinga er levert inn, eller PhD-rettleiar si stadfesting på når avhandlinga vil bli levert.
- Relevante sertifikat/referansar.
- Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
- Inntil fem vitskaplege publikasjonar og/eller arbeid under førebuing for publisering.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfristen er 20. oktober 2024. Søknaden må merkast med 24/11108.
Søknader sendt på e-post vil ikkje bli vurdert.
Generell informasjon:
Detaljert informasjon om stillinga kan ein få ved å kontakte: Sveinung Arnesen, Sveinung.arnesen@uib.no.
Praktiske spørsmål om søknadsprosessen bør rettast til: HR rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Den tilsette kandidaten må følgje retningslinjene som gjeld for stillinga til ei kvar tid.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- postboks 7802, 5020 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Saksbehandler, Forskning/Stipendiat/Postdoktor
- FINN-kode
- 372011532
- Sist endret
- 24. sep. 2024 06:23