Ingeniør, maritim og teknisk støtte
- Arbeidsgiver
- Norsk Polarinstitutt
- Stillingstittel
- Ingeniør, maritim og teknisk støtte
- Frist
- 15.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har ledig fast stilling som ingeniør i operasjon- og logistikkavdelinga, seksjon for maritim og teknisk støtte. Seksjonen har det tekniske ansvaret for all vitskapeleg instrumentering ved Norsk Polarinstitutt og er ein viktig ressurs i arbeide med førebuing og gjennomføring av ekspedisjonar i Arktis og Antarktis.
Kontorstad er i Tromsø, men du må rekna med noko reiseverksemd.
Arbeidsoppgåver
Du skal vere med å sikre teknisk støtte til våre forskarar, først og fremst knytta til bruk av forskingsinstrument og oppgåver innan elektro og elektronikk. Ein viktig oppgåve er å ha ansvar for administrasjon og logistikk, til dømes innkjøp av forskingsinstrument, bestilling av instrumentdelar, pakking, sending og mottak av forskingsutstyr.
Du må rekne med å delta på ulike prosjekt i Arktis og Antarktis. Du vil delta på forskingstokt med blant anna Forskingsskipet «Kronprins Haakon, der du vil bistå med klargjering, utsetting og innhenting av instrument, og å hente ut data frå desse.
Vi har ei stor og variert oppgåveportefølje, så andre relevante oppgåver vil også bli tillagt stillinga.
Kvalifikasjonskrav
For stillinga krevst:
- Ingeniørutdanning på master- eller bachelornivå, eller tilsvarande teknisk utdanning innan elektronikk og data. Lang relevant arbeidserfaring frå det aktuelle fagområdet kan i spesielle tilfelle vege opp for utdanningskravet.
- Gyldig førarkort for bil.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk. Arbeidsspråket er norsk.
I tillegg ønskjer vi at du har erfaring frå:
- Prosjektarbeid og/eller prosjektleiing.
- 3D-printing og CAD.
- Kjennskap til vitskapleg instrumentering og/eller datastraumar.
- Sikkerheitsforståing, inkludert erfaring med bruk av risikovurderingar og prosedyrar.
Vi legg stor vekt på dine personlege eigenskapar. Vi ser spesielt etter deg som har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er løysingsorientert, jobbar godt sjølvstendig, og evner å prioritere og strukturere din eigen arbeidskvardag. Arbeidsmiljøet kan til tider vere hektisk, med mange ulike oppgåver som må løysast raskt. Du vil også jobbe under krevjande forhold, så allsidigheit og kreativitet er viktig. Du må kunne tryggleiksklarerast.
Stillinga krev god fysisk form og helse. Bestått helsesjekk i samsvar med instituttet sine retningslinjer er ein føresetnad for gyldig arbeidsavtale.
- List opp kvalifikasjonskrav og eventuelt ønskede personlige egenskaper
Vi tilbyr
- Fast stilling med arbeidsstad Tromsø.
- Interessante og spennande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt miljø.
- Lønn etter statens regulativ i kode 1085 avdelingsingeniør eller kode 1087 overingeniør, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. Det blir trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.
Mangfald er viktig for oss. Om du er kvalifisert for stillinga, er du velkommen som søkar uansett kjønn, alder, kulturell bakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppfordrar kvinner til å søke.
Det er spesielle helsekrav til denne stillinga, blant anna fordi delar av jobben skal utførast under unormale forhold. Det gjer at tilrettelegging av arbeidsplassen kan vere vanskeleg, men vi vurderer det alltid.
Søk innan 15. oktober 2024
Søknad med relevante kvalifikasjonar og erfaring, CV, kopi av sertifikat, vitnemål og attestar, namn på minst tre referansar og vedlegg må registrerast i Jobbnorge.
For å sikra ein god rekrutteringsprosess samarbeider vi med Semac (www.semac.no) om elektronisk referanse-og bakgrunnssjekk. Det sikrar at vi rekrutterer rett kompetanse og bidrar til ei rettvis evaluering av søkjarane. Bakgrunnssjekken består ofte av verifisering av oppgitte opplysningar i søknad, CV, vitnemål osv.
All informasjon blir behandla konfidensielt fram til søknadsfristen går ut. Instituttet utarbeidar så ei offentleg søkjarliste. Søkjarar som ikkje ønskjer å stå på lista, må grunngje dette særskilt i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan gjerast offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova § 25, andre ledd.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Framsenteret, 9296 Tromsø
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør, Ingeniør / Elektroingeniør, Teknisk personell
- FINN-kode
- 372021317
- Sist endret
- 02. okt. 2024 09:44