Har du og din familie tid og hjarterom til å ta mot eit barn på besøk?
- Arbeidsgiver
- Vindafjord kommune Avlastning
- Stillingstittel
- Avlastar til ein gut på 9 år
- Frist
- 01.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me søker ein trygg vaksen som har lyst til å bli avlast til gut på 9 år. Stillinga er 9,23% fast. Ei helg per månad.
Han trives best åleine med ein vaksen, så me er på leit etter ein heim utan eigne barn. Han er ein skikkeling sjarmør som likar tull og tøys, og er raus med klemmar. Han likar å gå tur, leike på leikeplassar og leikar fint åleine med tinga sine. Han likar faste rutinar.
Kven kan bli avlastar?
Avlastar er ein familie som tek imot eitt barn om lag ei helg per månad.
Familien må ha ein stabil livssituasjon og kunna binda seg for minst eitt år.
Avlastningsfamilien må ha tid, overskot og sengeplass til eit ekstra barn. Familien bør ha evne til innleving og forståing for barn sine ulike behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleva ein trygg og føreseieleg familiesituasjon det barnet treng mest.
Avlastar må framvisa politiattest. Det er også krav om ordinær politiattest for husstandsmedlemmer som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar.
Arbeidstid og godgjersle:
Avlastar får fast arbeidsavtale i kommunen og lønn og godtgjersle etter Kommunenes sentralforbund (KS) sine satsar.
Det er vanleg å vera avlastningsfamilie kvar 4. helg. Nokre barn kan ha behov for å vera ekstra dagar i avlastningsfamilien i feriar. Dette blir avklart i kvart enkelt tilfelle. Avlastar hentar barnet fredag ettermiddag og bringer det heim søndag ettermiddag.
Dersom det er behov for nødvendig utstyr for barnet, må ein vera i dialog med Eining tilrettelagte tenester for godkjenning før ein går til innkjøp.
Køyregodtgjersle blir gitt etter gjeldande satsar. Arbeidsgodtgjersle er skattepliktig.
Etter at gyldig politiattest er mottatt, blir det avtalt eit heimebesøk i den aktuelle familien.
Eininga er opptatt av at både kontaktperson og familien med behov skal godkjenne avlastar. Det er viktig for oss at familien kjenner at det er trygt å senda barnet sitt til avlastar.
Avlastar får fast arbeidsavtale i Vindafjord kommune.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
- Stillingsfunksjon
- Annet, Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell
- FINN-kode
- 372022917
- Sist endret
- 15. nov. 2024 08:35