Har du og din familie tid og hjarterom til å ta mot eit barn på besøk?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Avlastning
Stillingstittel
Avlastar til ein gut på 7 år
Frist
07.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker avlastningsheim til gut på 7 år. Stillinga er fast med ei helg per månad.

Han er ein aktiv, snill og god gut som treng tett oppfølging av vaksen. Har mange interesser som han fyller dagane med og er spesielt glad i og dyktig på legobygging.

Kven kan bli avlastar?

Avlastar er ein familie som tek imot eitt barn om lag ei helg per månad.  

Familien må ha ein stabil livssituasjon og kunna binda seg for minst eitt år.  

Avlastningsfamilien må ha tid, overskot og sengeplass til eit ekstra barn. Familien bør ha evne til innleving og forståing for barn sine ulike behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleva ein trygg og føreseieleg familiesituasjon det barnet treng mest. 

Avlastar må framvisa politiattest. Det er også krav om ordinær politiattest for husstandsmedlemmer som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar.  

 

Arbeidstid og godgjersle:

Avlastar får fast arbeidsavtale i kommunen og lønn og godtgjersle etter Kommunenes sentralforbund (KS) sine satsar. 

Det er vanleg å vera avlastningsfamilie kvar 4. helg. Nokre barn kan ha behov for å vera ekstra dagar i avlastningsfamilien i feriar. Dette blir avklart i kvart enkelt tilfelle. Avlastar hentar barnet fredag ettermiddag og bringer det heim søndag ettermiddag.  

Dersom det er behov for nødvendig utstyr for barnet, må ein vera i dialog med Eining tilrettelagte tenester for godkjenning før ein går til innkjøp. 

Køyregodtgjersle blir gitt etter gjeldande satsar. Arbeidsgodtgjersle er skattepliktig. 

Etter at gyldig politiattest er mottatt, blir det avtalt eit heimebesøk i den aktuelle familien.

Eininga er opptatt av at både kontaktperson og familien med behov skal godkjenne avlastar. Det er viktig for oss at familien kjenner at det er trygt å senda barnet sitt til avlastar.  

Avlastar får fast arbeidsavtale i Vindafjord kommune.

 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Bilete av Tho-Ge@Pixabay


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Annet, Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell
FINN-kode
372023130
Sist endret
24. sep. 2024 06:38