Vikar i grunnskulane i Bømlo kommune
- Arbeidsgiver
- Oppvekst, kultur og idrett, Bømlo kommune
- Stillingstittel
- Vikar i grunnskulane i Bømlo kommune
- Frist
- 31.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Det er ni grunnskular i Bømlo. Seks av desse er barneskular, ein er rein ungdomsskule og to er kombinerte barne- og ungdomsskular.
Bømlo kommune vil i løpet av skuleåret 2024/2025 ha behov for vikarar for korte oppdrag. Vikarbehovet ved skulane vil variera og vil ofte oppstå på kort varsel. Alle søknader er å sjå som kommunedekkande.
Me tar i mot søknader fortløpande. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av den einskilde skule. Vikarpoolen fungerer slik at rektorar ved behov vil ta kontakt med kandidatar for vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på alle trinn i grunnskulen
Kvalifikasjonar
- Me søker primært kvalifiserte lærarar.
- Me oppfordrar personar som er under lærarutdanning til å søkja.
- Me ønsker søkjarar med god fagleg kompetanse og IKT-kunnskapar.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk.
- Andre søkjarar kan vera aktuelle ved behov.
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg og tydeleg vaksen med evne til å skapa gode relasjonar
- Du har gode formidlingsevner
- Du har gode samarbeidsevner
- Du kan jobba sjølvstendig og evna å jobba i team
- Du er raus og fleksibel
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysingar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du dette ser interessant ut, sender du søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga, kontakt skulefagleg rådgjevar Kristine Sætre.
Kontaktinformasjon
Kristine Sætre, 953 66 282Torunn Laurhammer, 986 38 870
Arbeidsstad
Kulturhusvegen 225430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4862473618
Stillingsprosent: 100%
Mellombels
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kulturhusvegen 22, 5430 Bremnes
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 372064013
- Sist endret
- 24. sep. 2024 06:34