Sjukepleiar/Vernepleiar
- Arbeidsgiver
- Vaksenhabilitering, Helse Førde
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Vernepleiar
- Frist
- 09.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Psykiatrisk klinikk, seksjon for vaksenhabilitering har ledig fast 100% stilling for sjukepleiar/vernepleiar.
Vaksenhabiliteringa i Førde består av eit tverrfagleg team med 8 tilsette. Teamet er ei ambulant spesialistteneste i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.
Vaksenhabilitering er lokalisert med kontorplassar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Ber om at det i søknaden blir opplyst kva kontorplass som er aktuell.
HAVO sine tenester er retta mot vaksne personer med medfødd eller tidlieg erverva funksjonsnedsetting. Fagfeltet er intressant, variert og grensar opp mot ulike spesialitetar. I pasientoppfølginga inngår ofte samarbeid med kommunale instansar, pårørende, psykisk helsevern og andre einingar i spesialisthelsetjenesta. Hovudoppgåvene for HAVO er utgreiing, rettleiing og behandling, samt vurdering og rådgjeving i samband med Helse- og omsorgstenestelova Kap.9
Sykepleiar/vernepleiar blir tilsett som fagrådgjevar. Oppgåvene som fagrådgjevar er spesielt retta mot personar med utviklingshemming, åtferd som utfordrar, samtidig psykiske helseutfordringar, autismespekterforstyrringar eller andre tilleggsvanskar. Problemstillingane er komplekse og ein er ofte avhengig av at fleire instansar samarbeidar med pasient og pårørande over tid, for å lykkast med å finne fram til dei gode løysningane. I fleire saker blir oppfølginga frå HAVO gitt saman med psykolog og lege.
Arbeidsforma vår er førebygging, støtte og behandling i pasienten sitt heimemiljø, tiltak i akutte kriser og rettleiing. Tenestane blir ytt til den einskilde, deira nettverk og tiltaksapparatet i kommunane og helsetenesta, både lokalt og poliklinisk. Lengd av behandlingsperiode er avgrensa og avheng av kompleksitet og individuelle tilhøve.
Vaksenhabilitering er ein av seksjonane under Psykiatrisk klinikk. Seksjonen samarbeider med distriktpsykiatriske sentrer både i Førde, Sogndal og Nordfjordeid og andre avdelingar på sentralsjukehuset. (nevrologisk avdeling, medisinsk avdeling, barnehabilitering og BUP)
Fagrådgjevar jobbar tett saman med fagpersonar i kommunane og med pårørande.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, observasjon og utgreiing
- Rettleiing og coaching
- Medikamentell rettleiing
- Miljøterapi
- Åtferdsanalyse
- Sosial ferdigheitstrening
- Familie- og nettverksarbeid
- Bistand i forhold til HOL kap. 9 (bruk av makt og tvang i forhold til menneske med utviklingshemming)
- Reisevirksomhet i tidligare Sogn og Fjordane fylkeskommune må påreknast
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Søkjarar med annan relevant høgskule-/ universitetsutdanning på bachelornivå vil bli vurdert dersom søkjar har særskilt relevant erfaring
- Erfaring frå arbeid med pasientgruppa vil bli vektlagt
- Erfaring med rettleiing i direkte og indirekte miljøterapeutiske tiltak
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Førarkort kl.B
- Erfaring og kunnskap i miljøbehandling og arbeid med utfordrande åtferd og komplekse saker er ønskjeleg
- Erfaring med brukarmedverknad og samarbeid med pårørande og tenesteytare er ønskeleg.
- Interessert i å vere med på nye behandlingsmetodar t.d. e-Mestring og andre digitale løysingar
- Relevant videreutdanning er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe i tverrfagleg team og på tvers av seksjonar
- Evne til å jobbe målretta, sjølvstendig og analytisk
- Gode evner til samhandling mellom tenestenivå; spesialisthelseteneste og kommune
- Fokus på brukarmedverknad og pårørandesamarbeid
- Villig til å delta i undervisning og rettleiing
- Fagleg engasjement
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Vi tilbyr eit spennande fagmiljø med høg kompetanse innanfor habiliteringsfeltet
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksitid
- Mentorordning
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagutvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Merete Haga Stavang, Seksjonsleiar, +47 466 29 769Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4864250365
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
- FINN-kode
- 372117445
- Sist endret
- 24. sep. 2024 08:56