Inaktiv

Lærarstilling

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Skjold skule
Frist
08.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker:

Skjold skule er på jakt etter ein ny kollega og lærar. Kan dette vere deg? Me har ledig 100 %, fast stilling ved Skjold skule, stillinga er ledig frå 1. januar 2025.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av elevenes faglege og sosiale utvikling på ungdomstrinnet.

Kvalifikasjonar:

  • Allmennlærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning.
  • Det er eit ynskje at den som blir tilsett kan undervisa i norsk, engelsk og spansk. 

Personlege eigenskapar:

Me ynskjer ein dyktig pedagog som likar å arbeide med elevar.

  • Tydeleg klasseledar
  • Eit inkluderande og positivt elevsyn. Engasjement for barn er ein føresetnad.
  • Evne til å tenkja nytt og opptatt av pedagogisk utvikling
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God relasjonskompetanse
  • Fleksibel og løysningorientert
  • Positiv og utviklingsorientert
  • Evne til å bygge gode relasjonar til eleven og føresette
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Personleg eigenhet vektlegges særleg. 

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Vikanesvegen 4, 5574 Skjold
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
372249757
Sist endret
25. sep. 2024 05:55