Inaktiv

Jordmor

Arbeidsgiver
Helse og koordinerande eining, Sande kommune
Stillingstittel
Jordmor
Frist
13.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sande kommune har ledig 30% stilling som jordmor ved helsestasjonen vår - stillinga kan kombinerast med anna stilling i Sande kommune. Vi har i dag ledige stillingar i både institusjonsteneste, heimeteneste og i bu og habilitering. Ein må då rekne med skiftarbeid og arbeid på helg.

Helsestasjonen er lokalisert ved Nygla i Sande og deler lokale med legesenter, bibliotek og anna. Vi er i dag 3 helsesjukepleiarar og helsestasjonslege i deltidsstilling ved helsestasjonen og er tilknytt kommunepsykolog gjennom samarbeid med Ulstein kommune.

Sande kommune er oppteken av å skape moglegheit for heiltidsarbeid. Om du ønsker kan stillinga kombinerast med ledig sjukepleiarheimel i heimetenesta.»

Vi ynskjer å gjere potensielle søkjarar merksame på at vi samstundes med stillingsutlysninga jobbar med å kartlegge moglege interkommunale samarbeid om jordmor-tenester. 


Arbeidsoppgåver

  • fylgje opp og utføre lovpålagte oppgaver i tråd med nasjonale retningslinjer for svangerskapsomsorg
  • informere, rettleie og støtte gravide og hennar partnar ut frå individuelle behov
  • gjennomføre heimebesøk og følge opp etter fødsel
  • andre oppgåver det er behov for ved helsestasjonen

Kvalifikasjonar

  • uutorisert jordmor
  • relevant arbeidserfaring, det er ein fordel om du har erfaring frå både primær- og spesialisthelsetenesta
  • gode IKT-ferdigheiter
  • god i munnleg og skriftleg norsk

Personlege eigenskapar

  • Du trivast og har ynskje om å vere jordmor i kommunal helse og omsorgsteneste.
  • Det er naturleg for deg å møte innbyggjarane som einskildindivid og ynskjer å vere ein del av kollegiumet på helsestasjonen.
  • Du ser viktigheita av å samarbeide med andre tenester og deltek i samarbeid for å gi samla og koordinerte tenester til dei innbyggjarane som har behov for det
  • Du er positiv.
  • Du er god til å bygge relasjonar.
  • Du er fleksibel.

Vi tilbyr

  • lønn etter avtale
  • engasjerte og dyktige kollegaer
  • gode lokaler og utstyr
  • spanande arbeidsoppgåve og faglege utfordringar

Kontaktinformasjon

Wenche Brit Thorseth, Einingsleiar, +47 91625895

Arbeidsstad

Prestegardsvegen 31

6084 LARSNES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune


Referansenr.: 4858157437

Stillingsprosent: 30%

Fast

Startdato: 01.01.2025

Søknadsfrist: 13.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Prestegardsvegen 31, 6084 Larsnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
372297140
Sist endret
26. sep. 2024 06:13