Dirigent Orre skulekorps

Arbeidsgiver
 Kulturskule, Klepp kommune
Stillingstittel
Dirigent Orre skulekorps
Frist
21.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Klepp kulturskule har ledig 24 % fast stilling som dirigent i Orre skulekorps. 

Dirigenten er tilsett i Klepp kulturskule, og har sin arbeidsplass på Orre
skule, der korpset øver og har instruksjon. Korpset har eit egie korpsrom/øvingslokale kor alt står framme ( stoler og slagverkutstyr)
Orre skulekorps har brassbandbesetning og består av 15 musikantar i hovedkorpset og 4 aspiranter. I tillegg er det ein messinggruppe på 6 vaksne som saman med skulekorpset utgjør eit generasjonskorps. 
Fast øvingsdag er per i dag torsdag.

Dirigenten vil få eit hovudansvar for å fortsetja den musikalske utviklinga av korpset i samsvar med årsplanen.

Korpset har positive vaksne og eit engasjert styre.

Dirigenten vil inngå i kulturskulens korps team.


Arbeidsoppgåver

  • Dirigenten er korpset sin musikalske leiar, med ansvar for all musikalsk aktivitet.
  • Dirigenten må følgja opp skulekorpset musikalsk, med m.a. rekruttering, konsertar og ha tett kontakt med lærarar og styre.
  • Dirigenten skal, sørge for at korpset til ei kvar tid har eit godt repertoar i henhold til årsplanen.
  • Det er ynskjeleg at dirigent er aktiv også i kulturskulen sitt personale, og er eit bindeledd mellom korps og kulturskule.
  • Det er avgjerande at dirigenten kjenner til messing og slagverksinstrument, og har god partiturkjennskap.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
  • Dirigenterfaring, og elles erfaring med skulekorps.
  • Erfaring i å omarrangere/tilpasse stemmer til ulike nivå, for å gje alle meistring.
  • Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har eit språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
  • God digital kompetanse.

Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.

Personlege eigenskapar

  • Trygg, varm vaksenperson, som kan skapa gode relasjonar til alle, og er bevisst eigne haldningar og verdiar.
  • Motivert og engasjert pedagog og kollega.
  • Bidreg positivt i personalet og korpset, med godt humør og faglege innspel.
  • Samarbeider og kommuniserer godt med korpset sitt styre, instruktørar og kulturskulen.
  • Vil vere med å utvikle faget, korpset og kulturskulen.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Vi tilbyr

Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.

Ansettelse skjer forøvrig på dei vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og dei til en hver tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.

Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk

Kontaktinformasjon

Hans Willoch Bræin, Rektor, +47 99274473

Arbeidsstad

Solavegen 1

4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune


Referansenr.: 4864445725

Stillingsprosent: 24%

Fast

Startdato: 01.01.2025

Søknadsfrist: 21.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Solavegen 1, 4351 Kleppe
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
372308383
Sist endret
26. sep. 2024 07:00