Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver
Høyanger kommune Lavik barnehage
Frist
09.10.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Barnehagen har ledig 100 % stilling i tidsrommet frå snarast til medio juli 2025, vikariat. 

Søkjarar må:

• ha utdanning som barnehagelærar – eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
• kunne arbeide sjølvstendig og målretta
• kunne skape gode relasjonar til born og vaksne
• vere fleksibel og samarbeidsvillig
• ha godt humør

Barnehagen samarbeider med Lavik skule om SFO, og det er tidvis utveksling av personell også utanom SFO-drifta. For søkjarar med barnehagelærarutdanning og inntil 60 stp vidareutdanning retta mot undervisning på barnetrinnet i skulen, kan det bli aktuelt med noko undervisning på Lavik skule 1-4.

Politiattest blir krevd ved tilsetting.

Lønn etter gjeldande tariff. Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Lavik, 6947 Lavik
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
372324960
Sist endret
26. sep. 2024 08:42