Inaktiv

Sjukepleiar 

Arbeidsgiver
Døgnpost Folgefonn DPS,Valen
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
13.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du vår nye sjukepleiar?

Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer, og no treng vi deg på laget.

Folgefonn DPS er ein del av klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Avdelinga har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i Kvinnherad og Ullensvang, med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 vaksne innbyggjarar. Folgefonn DPS har idag 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose- og allmennpsykiatrisk team på Valen.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutiske oppgåver
  • Oppfølging av pasienten individuellt i høve psykiske og somatiske utfordringar
  • Kontakt med pårørende
  • Tverrfaglig samarbeid
  • Dokumentasjon og oppfølging av behandlingsplanar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Brei sjukepleiefagleg erfaring frå psykisk - og somatisk helsetenester
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Turnus arbeid med arbeidshelg kvar 5. helg - arbeidshelg består av 12 timarsvakter

 

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Tove Ødegard, Funksjonsleiar, +47 53466481

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26

5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4864294770

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
372404162
Sist endret
26. sep. 2024 09:23