Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Borgund sokn som særskild tenestestad.
- Arbeidsgiver
- Nordre Sunnmøre prosti, Den norske kirke, Møre bispedøme
- Stillingstittel
- Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Borgund sokn som særskild tenestestad.
- Frist
- 26.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Det er ledig stilling som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Borgund sokn som særskild tenestestad.
Borgund er ein aktiv kyrkjelyd der det er høgt under taket. Kyrkjelyden har ein dyktig stab som arbeider godt i lag tverrfagleg. Like ved kyrkja ligg menighetshuset som er godt egna til samlingar for både små og store. Mange søker til kyrkja ved livets store hendingar som dåp og vigsel. I tillegg er Borgund knutepunkt på kystpilegrimsleia og ligg i naturskjønne Borgundgavlen med dyreklubb og middelaldermuseum som næraste nabo.
Det er tilsett eigen ungdomsprest som har hovudansvaret for konfirmantane, trusopplærar og diakon. Desse stillingane er 75 %. (25 % i samarbeidskyrkjelyden) Vi har kantor i full stilling, og det er mange konsertar og kulturarrangement gjennom året. Det er eit godt samarbeid med kyrkjeakademiet om foredrag, og det er ein stor grad av liturgisk utviklingsarbeid. Det er fleire korgrupper for barn og kyrkjekor for vaksne. Menigheten har også barnehage.
5600 medlemmer er busett i den litt langstrakte bydelen som strekk seg frå Åse til Fagerlia.
Kyrkjehuset og området rundt har ei lang historie som kyrkjestad. Dagens kyrkje har tverrskip frå Middelalderen – og seinare påbygg mot nord og sør. Etter at den brann i 1904 vart den gjenreist i same stil som den gamle kyrkja og kyrkjerommet har 500 plassar.
Det er eit nært samarbeid med Ellingsøy sokn som har 2100 medlemmer. Der er det eigen sokneprest, og dei to sokneprestane utgjer samarbeidsområdet der ein deler på tenestene etter ein fast turnus.
Borgund er ein del av Ålesund kommune, og Nordre Sunnmøre prosti der prestane møtast regelmessig til kollega og fagsamlingar.
Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
- Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelydane.
- Prestane deler på gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett arbeidsplan, og har ein godt innarbeidd tenesteveketurnus.
- Presten tek del i trusopplæringstiltak for barn, konfirmantarbeid, utøver sjelesorg, held andakter på Hatlane omsorgssenter og andre kyrkjelydsarrangement.
- Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
- Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane.
Kvalifikasjonar
- Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
- Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, som kan vise til gode leiareigenskapar og gode evner til samarbeid med kolleger og tverrfagleg.
- Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
- Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
- Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til vigsling" (VTV). Ordinasjon føreset normalt fullført VTV.
- Ordinert søkjar som er stabsborgar i anne EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6
- Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Nynorsk vert nytta i kyrkje og skule.
Personlege eigenskapar
- Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
- Open for stor grad av tverfagleg arbeid og samarbeid.
- Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk med kor, korps og andre i lokalmiljøet.
- Sjølvstendig og strukturert med gode administrative evner.
- Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
- Ha interesse for pilegrimsarbeidet og vidareutvikle kystpilegrimsknutepunktet i samarbeid med museum, kommune og reiselivet.
Vi tilbyr
- Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest. Offentleg tenestepensjon.
- Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
- Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
- Bedriftshelseteneste.
- Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
Anna
- For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
- Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20.
- Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
- Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Kontaktinformasjon
Anne-Marit Hagelund, Avdelingsleiar personal, +47 92235009Karl Johan Bjørge, Fungerande prost, 92423862
Arbeidsstad
Borgundgavlen 516015 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 4783376072
Stillingsprosent: 100%
Fast
- Sektor
- Privat
- Sted
- Borgundgavlen 51, 6015 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet
- FINN-kode
- 372414387
- Sist endret
- 26. sep. 2024 10:40