Inaktiv

Vernepleiar/miljøterapeut

Arbeidsgiver
Eining Habilitering, Sveio kommune
Stillingstittel
Vernepleiar/miljøterapeut
Frist
21.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me har no fleire stillingar ledige stillingar hos oss i Åsvegen bueining. Dette gir oss store moglegheiter for å kunne tilpasse arbeidsoppgåver og ansvarsområde etter tilpassa  kvalifikasjonar og personlege eigenskapar. Me har ulike bebuarar som treng tilpassa tilnærming og miljøarbeid, og dei stillingane me no har utlyst kan samanflettes på ein måte som gjer at me kan bruke personal på tvers av ulike bebuarar.

Er du ein engasjert og fleksibel person som ser moglegheiter der andre ser begrensingar? Er du mestringsorientert og opptatt av å bygge gode relasjonar med brukarar?
Då kan det være nettopp deg me leitar etter! Me søkjar no etter ein ny miljøterapeut som med sitt opne sinn ynskjer å arbeide med å få til positive endringar hjå våre bebuarar. Me ser etter deg som har ein positiv innstilling til vanskelige utfordingar og som likar å jobbe systematisk for å oppnå dine mål.

Åsvegen bueining er eit butiltak i eining Habilitering. Våre bebuarar har ein psykisk utviklingshemming, men nokon har også fleire og samansette utfordringar. Me har fokus på kontinuitet og forutseibarhet for brukarane og har for tida turnus med arbeid kvar 4. helg og vaktar inntil 14 timars varigheit. Det det er lagt opp til mest mogleg samanhengande arbeidsperiodar og dermed lengre arbeidsfrie periodar. Dette er ei ordning som me inngår tariffavtale med fagrørsla om og gjeld for eitt år av gangen.

Arbeidsoppgåver

  • Evaluering og utarbeiding av planar og prosedyrar
  • Ansvar som hovudkontakt
  • Samarbeid med pårørande/verge og andre instansar som lege, spesialisthelsetenesta
  • Fagleg samarbeid med kollegaer i det daglege og i ulike fagmøtar
  • Vernepleiar vil i samarbeid med sjukepleiar ha eit overordna ansvar rundt avdelingas medikamenthandtering
  • Me er ein dynamisk tenesteytar i kontinuerleg endring og arbeidsoppgåvene vil kunne variere, etter som me stadig ser nye og betre løysingar på avdelinga.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar
  • Andre med 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning kan og verta vurdert
  • Erfaring frå arbeid med åtferd som utfordrar og psyksisk helse blir vektlagt
  • Ønskjeleg med vidareutdanning i PAS (positiv atferdsstøtte), eller psykiatri
  • Personleg eignaheit vil bli høgt vektlagt
  • Førarkort kl. B
  • Tilsetting i stillinga krev tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk

Personlege eigenskapar

  • Me legg vekt på at du er fleksibel og evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver. Lærer av det som er prøvd og søkjer nye og betre løysingar i samhandling med dine kollegaer
  • Du evnar å stå i tøffe situasjonar og har laga deg gode metodar for å gje slipp på stresset etter vanskelege hendingar
  • Du er ein person som er fagleg engasjert og held deg oppdatert på nye metodar
  • Du må kunna jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og konstruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande

Vi tilbyr

  • Ein lærande og fleksibel arbeidsplass med fokus på forbetringsarbeid
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, men mange kjekke og dyktige kollegar som stillar opp for og støttar kvarandre på dei utfordrande dagane
  • Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP

Kontaktinformasjon

Peer Cato Sjursen, avdelingsleiarÅsvegen bueining, 94164806, Peer.Cato.Sjursen@sveio.kommune.no
Evy Kjellesvold, Einingsleiar Habilitering, 97530041, evy.kjellevold@sveio.kommune.no

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune

Referansenr.: 4865404078
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
372456565
Sist endret
26. sep. 2024 12:52