80% vikariat som vernepleiar / miljørettleiar ved Kinsarvik skule

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Kinsarvik skule
Frist
08.10.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ledig vikariat som vernepleiar/miljørettleiar - stillingsstorleik 80 % (Miljørettleiar, -terapeut)

 

Info om stillinga:

Vikariat frå 01.11.24-31.07.25

 

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av elevar med særskilte behov 

  • Planlegge og delta på ulike aktiviteter, turar, ol.

  • Samarbeide med pedagogar og fagarbeidarar på skulen

  • Variert arbeidsdag med fokus på tilrettelegging, aktivisering og oppfølging både ein til ein og i grupper med elevane

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • I hovudsak høgskule-/universitetsutdanning som vernepleiar, miljøterapeut, sjukepleiar, barnehagelærar ol.

  • Godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeider eller tilsvarande, og ufaglærte kan også bli vurderte.

  • God til å bygga relasjonar og omsorg for elevane

  • Evne til å arbeide sjølvstendig


Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og pliktoppfyllande

  • Gode samarbeidsevner

  • Fleksibel

  • Eit positivt og inkluderande elevsyn

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Kjekke kollegaer

  • Utviklingsmogelegheiter

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Politiattest

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
372553591
Sist endret
27. sep. 2024 08:57