Inaktiv

100% stilling som sjukepleiar ved Utne legekontor

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Legeteneste
Frist
13.10.2024

Beskrivelse

Legetenesta treng fleire gode folk på laget! Er det deg?

Vi har ledig 100%  sjukepleiar stilling på Utne legekontor,  og søkjer deg som vil bidra til gode helsetenester til våre pasientar.

 

Detta er ei spanande stilling for den rette personen!

 

Arbeidsoppgåver:

  • Telefon/ ekspedisjon, vurdering av hastegrad (triagering)

  • Korrespondanse

  • Blodprøvetakning, laboratoriearbeid og generelle sykepleieroppgaver

  • Assistera legane ved behov

  • Veileda og gje råd til pasientar

  • Ivareta dokumentasjonsplikt og kvalitetssikring av tenesta



Personlege egenskaper:

  • Fleksibel, strukturert og effektiv

  • Løysingsorientert og bidragsytar for å skape gode tenester

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Gode samarbeidsevner, samt evne til å arbeida sjølvstendig.

  • Gode kommunikasjonsevner, er reflektert og har evne til å skape gode relasjoner. 

  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg, minimum B2 nivå

  • Resultatorientert og bevisst på kvalitet i tenesta

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Kvalifikasjoner for stillingen:

  • Sjukepleiar 

  • Kjennskap i bruk av IKT verktøy, kjennskap til journalsystemet InfoDoc er ein fordel, men ingen krav

  • Erfaring frå legetenesta er ein fordel

  • Personlege eigenskaper vert vektlagt



Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og ein spanande arbeidskvardag

  • Dagtidsarbeid, 37,5 t uke

  • Opplæring vil bli gitt

  • Lønn etter HTA, rekrutteringstillegg på stilling i Ullensvang Kommune: Anna Dagny; legger du det inn?

  • Vi kan hjelpe med å skaffe bolig

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
372554655
Sist endret
27. sep. 2024 09:15