Flyktningkosulent 100 % fast stilling - Vågå kommune
- Arbeidsgiver
- Nav Vågå
- Stillingstittel
- Flyktningkonsulent - Flyktningtjenesten
- Frist
- 17.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Stillinga består i dagleg drift av Flyktningtenesta inkl. saksbehandling, koordinering/oppgåver knytt til det heilårlege introduksjonsprogrammet og inkluderingsarbeid med særleg vekt på arbeid og fritid. I periodar må ein rekne med noko arbeid i helg og på kveldstid.
Vi ynskjer at du
· er motivert til å jobbe tverrfagleg og heilskapleg
· likar å jobbe sjølvstendig
· har gode kommunikasjonsevner
· har erfaring/kjennskap til tverrkulturelt og friviljug arbeid
· god kjennskap til norsk samfunns- og organisasjonsliv
· har gode engelskkunnskapar og grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT
Kvalifikasjonar
· 3-årig høgare relevant utdanning, men anna utdanning vil kunne bli vurdert
· Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
· Ynskjeleg med god kunnskap innan den nye introduksjonslova
· Ynskjeleg med fleirspråkleg kompetanse
· Kjennskap til Visma flyktning er ein fordel
Løns- og arbeidsvilkår etter avtale i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
Pensjonsordning i KLP
Nærmare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med NAV-leiar
Magnhild Vole tlf. 917 55 478.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 17.10.24
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 2680 Vågå
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Saksbehandler, Konsulent
- FINN-kode
- 372554987
- Sist endret
- 27. sep. 2024 08:34