Bioingeniør til fast stilling
- Arbeidsgiver
- Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Hels
- Stillingstittel
- Bioingeniør
- Frist
- 27.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 360 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegruppar (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, RELIS og SOReg.
Avdelinga utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Dei som blir tilsett må pårekne å utføre både analytiske og preanalytiske oppgåver
- Blodprøvetaking
- Bioingeniørar i grunnstilling må delta i vaktturnus. Bioingeniørar ved Hormonlaboratoriet arbeider dagtid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer deg i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen
- Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Må kunne arbeide både i team og sjølvstendig og effektivt organisere eigen arbeidsdag
- Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
- Viser fagleg tryggheit, tillit og respekt
- Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
- Kan arbeide systematisk i stressande situasjonar
- Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
- Engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i Helse Bergen
- Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.noAnne Grete Aune, Seksjonsleiar, 55973091, anne.grete.aune@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 495009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4865219783
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør, Helsepersonell, Helsepersonell / Bioingeniør
- FINN-kode
- 373050280
- Sist endret
- 30. sep. 2024 07:46