Dagleg leiar frivilligsentralen, 100% fast stilling
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Eining kultur og mangfald. Tilsetjing dagleg leiar frivilligsentralen (2. gongs utlysing)
- Frist
- 27.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om stillinga
Me tilbyr
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen frivilligsentral er organisert under eining Kultur og mangfald, og har ledig 100% fast stilling som dagleg leiar for frivilligsentralen frå snarast/etter avtale. Dagleg leiar får ei sentral oppgåve i å vidareføre arbeidet til Gulen frivilligsentral. Gulen frivilligsentral ynskjer å bidra i samordninga av det frivillige arbeidet i kommunen. Sentralen skal stimulere til frivillig innsats og bidra til å utvikle eit levande lokalmiljø kor folk møtast og tek medansvar i oppgåver som lokalsamfunnet treng løyse. Me ser etter ein person som kan vere ein pådrivar i dette arbeidet
Me tilbyr
- Ei fast stilling ein kan vere med å forme og utvikle
- Løn etter avtale. Stillinga vert innplassert i kode: leder/fagleder (7451) i kapittel 4
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for drifta av frivilligsentralen
- Inspirere til og koordinere frivillig innsats i lokalmiljøet
- Vere bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor
- Arbeide for å ha oppdatert oversikt over kva innbyggjarane i Gulen kommune treng av tilbod og ordningar som kan organiserast som frivillig innsats
- Samarbeide med kommunale avdelingar som leverer tenester til innbyggjarar i alle aldrar, som til dømes; barnehage, skule, kultur, helse og omsorg, integreringstenesta m.m.
- Arbeid med MOT
- Rettleie og hjelpe lag og organisasjonar i planlegging og organisering av aktivitetar
- Vere ein ressurs for dei som treng hjelp til å søkje tilskot frå offentlege og/eller private aktørar
- Informere og marknadsføre tilbod i frivilligsentralen/kommunen i ulike forum
- Ansvar for å vidareutvikle BUA
- Vidareutvikle kommunen sin frivilligpolitikk/samarbeid med frivilligråd
- Delta i aktuelle nettverk og følgje opp eksisterande prosjekt og arbeid
- Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan kultur- og idrettsfag, samfunnsfag, folkehelsevitskap eller tilsvarande.
- Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar for drifta av frivilligsentralen
- Vere systematisk og god til å organisere
- Vere flink med folk og ha god kommunikasjon med menneske i alle aldrar
- Snakke og skrive godt norsk
- Ha god brukarkompetanse på data
- Kunne setje deg inn i reglar og prosedyrar for ulike tilskotsordningar, skrive søknadar og rettleie andre i å søkje
- Krav om gyldig politiattest
- Ha førarkort klasse B
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Brenn ekstra for frivillig arbeid og ser verdien dette har i lokalsamfunnet
- Møter andre på ein respektfull og open måte
- Er serviceinnstilt, engasjert, kreativ og løysingsorientert
- Er samarbeidsorientert, initiativrik og sjølvstendig
- Har positiv tilnærming til arbeidsoppgåvene
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Noko helg- og kveldarbeid på reknast med
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Kontor og administrasjon, Annet
- FINN-kode
- 373087351
- Sist endret
- 30. sep. 2024 01:31