Tilkallingsvikar

Arbeidsgiver
Sjernarøy oppvekstsenter (6), Stavanger kommune
Stillingstittel
Tilkallingsvikar
Frist
31.12.2024

Beskrivelse

Sjernarøy oppvekstsenter er eit oppvekstsenter med barnehage, skule og SFO. Me har 30 elevar i skulen, 16 barn i SFO og 14 barn i barnehagen. Dette gjer oss ein fantastisk moglegheit til å kome ekstra nær og bygge gode relasjonar til alle elevane på skulen. Me er 11 fast tilsette og samarbeider tett på tvers av avdelingane.

Oppvekstsenteret vårt ligg nydeleg plassert i landlege omgjevnadar, tett på sjøen. Me har kort veg til flott natur og bruker nærmiljøet hyppig.

Me søker no ein tilkallingsvikar.


Arbeidsoppgaver

Bidra i matsituasjonar, påkleding og andre praktiske oppgåver tildelt frå pedagogisk leiar og/eller SFO-leiar. 

Skape gode relasjonar med barna og kollegaer, og vise omsorg. 

Fremje eit godt barnehagemiljø og bidra til eit positivt samspel i barnegruppa.

Delta i og gjennomføre leikeøkter, samlingsstund og kreative aktivitetar, som bidrar til eit inkluderande fellesskap. 

Gripe inn i situasjonar med uønska atferd.

Vere ein rollemodell.

Kvalifikasjoner

Ønskeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men personlege eigenskaper og/eller relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Personleg egnethet vil bli tillagt stor vekt.

Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språkferdigheter tilsvarande B1.

Du må vere 18 år for å jobba i barnehage, 16 år for å jobba i SFO.

Personlige egenskaper

Du er hyggeleg og god på å skape og å vedlikehalde sunne og gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette.

Du er raus, tålmodig og varm.

Du er trygg, sjølvstendig og strukturert i din rolle.

Du er robust og taklar eit høgt arbeidstempo med ulike arbeidsoppgåver og utfordringar.

Vi tilbyr

Gode ordningar til pendling. Du kan reise frå Judaberg 08.00 med retur til Judaberg 16.00. Du kan òg reise frå Stavanger sentrum med avreise 7.15 og retur 16.30. Billettane er inkludert i HjemJobbHjem-billetten. Gode moglegheiter for å leggje plantid til pendletid.

Eit godt arbeidsmiljø med kompetente, inkluderande og kjekke kolleger.

Rask tiltreding.

Kontaktinformasjon

Jarand Larsen-Rodvelt, Avdelingsleiar, 452 20 179, j.larsen-rodvelt@stavanger.kommune.no

Alice Helgøy, Verksemdsleiar, 93093077, alice.helgoy@stavanger.kommune.no

Arbeidssted



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Stavanger kommune


Referansenr.: 4864800996

Stillingsprosent: 0%

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist: 31.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
4170 Sjernarøy
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
373089855
Sist endret
01. okt. 2024 05:34