Eigedomssjef, kommunal drift og samfunnsutvikling
- Arbeidsgiver
- Vestre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Eigedomssjef, kommunal drift og samfunnsutvikling.
- Frist
- 20.11.2024
Beskrivelse
Vestre Slidre kommune har ledig 100% nyoppretta stilling som Eigedomssjef, kommunal drift og samfunnsutvikling. Eigedomssjefen har ansvar for drift og utvikling av kommunale eigedomar, bygg, veg, vatn og avløp.
Vestre Slidre kommune er inne i ei tid med stor aktivitet innanfor området. Dette inkluderer mellom anna store VA-prosjekt, utvikling av kommunale bustadområde, utvikling av kommunen sine tre sentrumsområde, i tillegg til dagleg drift av bygg, vegar, vatn og avløp.
Eigedomssjefen vil vera ein del av leiargruppa til kommunedirektøren, som har fokus på heilskapleg, brukarorientert og koordinert utvikling av kommunen som tenesteleverandør. Eigedomsjefen er ansvarleg for tenester som er viktige for både heiltids- og deltidsinnbyggarar og næringsliv. Godt samspel med folkevalde, private aktørar og sentrale mynde er avgjerande for å levere gode og riktige tenester.
Ansvarsområdet for stillinga er breitt. Det opnar for kandidatar med ulik type fagbakgrunn. Det vil imidlertid bli lagt vekt på erfaring og evne til å gjennomføre større prosjekt innafor ansvarsområdet.
Arbeidsoppgåver
- Leiing med overordna ansvar for dagleg drift, økonomi og personal.
- Samordne og utvikle verksemda.
- Førebu grunnlag for administrative og politiske avgjersler.
- Ta initiativ til å setje i verk og gjennomføre politiske vedtak - herunder større investerings- og utviklingsprosjekt.
- Strategisk leiing, som ein del av kommunedirektørens leiargruppe.
- Sikre kontinuerleg betringsarbeid og kompetanseheving innanfor tenesteområdet, med fokus på mellom anna fag, lovverk, miljø og mottakarar av tenestene.
Kvalifikasjonar
Det er ønskeleg med :
- Relevant utdanning frå universitets- eller høgskulenivå.
- Relevant leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd.
- Vidare bør du ha kjennskap til kommunesektoren, og forståing for politiske prosessar.
- Erfaring med prosjektleiing er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein leiar som:
- er inkluderande, tillitsbyggande og som har gode kommunikative evner, med evne til å skapa felles forståing og respekt i samhandling med ulike partar.
- er løysings- og resultatorientert, med høg gjennomføringsevne.
- har god økonomiforståing og evne til å setja seg inn i fagleg kompliserte problemstillingar.
- har overblikk og evne til å handtere både strategiske og operative utfordringar.
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar.
- Eit arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar.
- Lønns og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtaler.
Kontaktinformasjon
Rolf Stalenget, +47 90898321Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4864235504
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2024
- Sted
- Slidrevegen 16, 2966 Slidre
- Stillingsfunksjon
- Ledelse
- FINN-kode
- 373093006
- Sist endret
- 31. okt. 2024 09:07