Inaktiv

Assistent/Helsefagarbeider Barstadtun sjå hit!!

Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimeteneste
Stillingstittel
Assistent/Helsefagarbeider Barstadtun sjå hit!!
Frist
15.10.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ved Barstadtun døgnbemanna omsorgsbustadar for eldre blir det ledig ei helsefagarbeidar/assistent stilling frå 11.11.24-31.05.25. Stillingane har todelt turnus, med arbeid på dag, kveld og helg. Barstadtun er ein seksjon i avdeling Heimetenester. Bygget ligg på same tun som Volda Omsorgssenter og har 25 hyblar/leiligheiter fordelt på tre bugrupper. Personalgruppa er stasjonert på Barstadtun og yter helsetenester og praktisk bistand til bebuarane på huset. 

Arbeidsoppgåver

Du vil møte brukarar med ulike behov. Du har ansvar for å observere og dokumentere brukarane sin tilstand og i samarbeid med andre helsepersonell iverksette og følge opp nødvendige tiltak. Pleie og praktiske oppgåver vert utført ut frå tiltaksplan for den enkelte bebuar, det kan vere bistand til personleg pleie, forflytning, tilrettelegging for måltider med meir. I tillegg følger det med praktiske oppgåver i avdelinga som rydding, reingjering og anna. Personalet skal bidra med helsehjelp, aktivisering og gi bebuarane eit godt innhald i dagen. Kvar enkelt tilsett har ansvar for å medverke til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø. Dokumentasjon i pasientjournal er også ein viktig del av jobben.

Kvalifikasjonar

Erfaring fra tilsvarende arbeid vert vektlagt

Må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg.

Må ha alminnelege datakunnskaper

Må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid

Må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest

Vi legg vekt på gode fagkunnskaper inkludert god observasjonskompetanse

Personlege eigenskapar

Vi vektlegg gode personlege egenskaper og evna til å samarbeide på tvers av faggrupper til bebuarane sitt beste. Vi ynskjer medarbeidarar som:

Ser nye moglegheiter og bidreg til at arbeidsplassen utviklar seg

Liker utfordringar

Har evnen til å bevare roa og finne dei gode løysingane

Tar initiativ og ansvar

Er fleksibel og har lett for å omstille seg

Har godt humør og bidreg positivt med gode haldningar inn i personalgruppa

Har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med kolleger, pasienter og pårørende

Vi tilbyr

Lønn etter gjeldande tariff

Sjølvstendig og variert arbeid

Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI

Høve til fagleg og personleg utvikling

Triveleg arbeidsmiljø

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Muligheit for vidare arbeid etter vikariatslutt

Kontaktinformasjon

Anita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32, anita.kristiansen@volda.kommune.no

Kirsti Liabø, seksjonsleiar, +47 94 14 25 15, kirsti.liabo@volda.kommune.no

Arbeidsstad

barstadmarka 4

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4866882727

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 11.11.2024

Sluttdato: 31.05.2025

Søknadsfrist: 15.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
barstadmarka 4, 6102 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
373104360
Sist endret
01. okt. 2024 06:10