2.gangsutlysning: Barne- og ungdomsarbeider, Assistent

Arbeidsgiver
Syvde barnehage, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider, Assistent
Frist
14.10.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ønskjer du ein spennande og meiningsfylt jobb, der du kan gjere ein forskjell for barna i barnehagen?

 

Syvde barnehage lyser ut ei midlertidig tilsetting på inntil 80 % som fagarbeider eller assistent med oppstart snarast og gjeldande ut barnehageåret 2024/2025, med moglegheit til forlenging. 

Vanylven kommune oppfyller bemannings- og pedagognorma, og legg til rette for fagleg utvikling innanfor sektoren ved blant anna å tilby ein ekstra planleggingsdag for dei kommunale barnehagane. 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene består av praktisk og pedagogisk arbeid med born i alderen 0-6 år, både sjølvstendig men også som del av eit team på avdelinga. Arbeidsoppgåvene er beskrive i stillingsinstruks og arbeidsrutiner i barnehagen. 

Kvalifikasjonar

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna særleg relevant fagbrev/erfaring kan kompensere.
Ønskjeleg med erfaring frå tidlegare arbeid i barnehage.
Ønskje om kompetanse og erfaring med ASK, hørselsutfordringar, tospråklege barn og arbeide ein-til-ein. 
Stillinga krev god kommunikasjonsevne på norsk.
Barnehagelova krev, ved anna morsmål enn norsk og svensk, at søkjarane må ha bestått minimumskravet. Kravet er A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing og munnleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar

- Gode samarbeidsevner

- Fleksibel, omgjengeleg og serviceinnstilt

- Sjølvstendig, målretta og strukturert

- Positivt menneskesyn

- Gå godt i lag med barn

- Ønske om å lære, vidareutvikle seg i faget

I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse ved gode relasjonar og med mål om å meistre eige liv. Vi ynskjer tilsette med gode samarbeidsevner, god fagleg kompetanse og evne til å være med å skape ein felles barnehagesektor i utvikling.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus, med ein arbeidgivar som legg til rette for fagleg påfyll blant anna gjennom personalmøte og planleggingsdagar.

Kompetanseheving gjennom samarbeid med høgskulen i Volda, gjennom blant anna regional kompetanseheving for barnehagar. 

Spennande og varierte kvardagar.

Moglegheit for eigenutvikling.

Godt samarbeid både internt i barnehagen og mellom barnehagane i kommuna.

Lønn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.

God pensjonsordning.

Kontaktinformasjon

Åsgunn Jensen Stewart, Styrar, +47 90801663

Arbeidsstad

Kvia 36

6140 Syvde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune


Referansenr.: 4865851001

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Startdato: 01.11.2024

Sluttdato: 11.07.2025

Søknadsfrist: 14.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Kvia 36, 6140 Syvde
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
373105428
Sist endret
01. okt. 2024 06:13