Tilkallingsvikarar i helse og omsorg
- Arbeidsgiver
- Volda kommune, Helse og omsorg
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikarar i helse og omsorg
- Frist
- 31.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Sektor helse og omsorg tilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar, vernepleiarar, assistentar, miljøterapeutar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske.
Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Skriv gjerne også kva felt/ avdeling du er mest interessert i. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar:
- Institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter)
- Heimetenester (Heimesjukepleia og døgnbemanna omsorgsbustadar)
- Rus og psykisk helseteneste
- Bu og habilitering
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld.Kvalifikasjonar
- Du må være over 18 år gammel.
- Du må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg.
- Du må ha vanleg datakunnskap
- Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
- Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
- Faglærte, samt studentar innan relevante fagområder innan helse og sosialfag blir prioritert.
- I nokre seksjonar er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden.
- Du må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før oppstart i arbeid. For arbeid ved sjukeheim må ein også levere eigenerklæring for mrsa.
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
- Tar initiativ og ansvar
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff
- Sjølvstendig og variert arbeid
- Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Anita Kristiansen, Konstituert avdelingsleiar heimetenste, 90032432, anita.kristiansen@volda.kommune.noAnn- Sølvi Heltne, Avdelingsleiar insitiusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar Bu og habilitering, 95139364, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar Rus og psykisk helseteneste, 91555970, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 46102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4866637785
Stillingsprosent: 14%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 20
- Sted
- Sevrinhaugen 4, 6102 Volda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 373196985
- Sist endret
- 01. okt. 2024 05:27