Radiograf 100% vikariat

Arbeidsgiver
Radiologisk seksjon LSH, Helse Førde
Stillingstittel
Radiograf 100% vikariat
Frist
20.10.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Radiologisk seksjon, Lærdal sjukehus har ledig 100% årsvikariat som radiograf i turnus (37.5 t/veke), med heimevakt og arbeid kvar 5-6 helg.

Oppstart: snarast eller etter avtale

Er du glad i fjord, fjell og fantastiske naturopplevingar, og ønskjer å arbeide saman med ein triveleg og sosial gjeng ved Radiologisk seksjon i Lærdal?
Då kan dette vere jobben for deg!

Vi kan tilby ein arbeidsplass som har stort fokus på godt arbeidsmiljø, god pasienthandsaming og høg kvalitet på tenestene våre. Her er det høgt under taket, med mykje latter og humor. Seksjon Lærdal har ein CT, ein MR, to konvensjonelle røntgenlabbar, ein UL, og eit transportabelt røntgenapparat. Eininga består av sju radiografar, ein radiolog i stafett og to sekretærar. Radiologisk seksjon, Lærdal sjukehus er ein av tre seksjonar i Radiologisk avdeling Helse Førde. Dei andre seksjonane er lokalisert ved Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus

Lærdal kommune er ein liten kommune innerst i Sognefjorden. Lærdal er ein ynda marknadsplass, og fleire festivalar som "Jordeplerokk" og  "Komheimat" vert arrangert årleg. I tillegg er Lærdal kjent for å ha Noregs tørraste klima, med milde vintrar og fine varme sommardagar. 

Lærdal ligg omkransa av eit eldorado av moglegheiter om du er interessert i å vere ute i naturen.Her finn ein noko for ei kvar interesse når det gjeld natur, sport, jakt og fiske. Er du glad i å gå på fjellet, såvel sommar som vinter har du turmoglegheiter rett utanfor døra. Vi har ei rekke skianlegg i nærleiken som Hemsedal, Filefjell, Hodlekve og Hafslo, kor det er rom for både løype og frikjøyring. Har ein bil er det kort veg til Jotunheimen som kan by på alt i frå toppturar, brevandring, fjellklatring, sykkelturar,  skiturar, eller eit yrande dyreliv. Er du ein ivrig fiskar har ein Sognefjorden, Lærdalselva, og  fleire gode fjellvatn som kan nyttast. Så frå naturens side er det berre fantasien som set grenser for kva ein kan foreta seg på fritida. Lærdal og omegn har også eit aktivt miljø innan ekstremsport, hundesport og  skyttarlag. Ekstremsportveka på Voss eller High Camp på Turtagrø er nokon av dei arrangementa som finst i nærleiken.

For den meir urbane, er det kort veg til saft- og fotballbygda Sogndal. Elles ligg Lærdal kun 3 timar unna Bergen og 4,5 timar unna Oslo.


Arbeidsoppgåver

  • Førebuing og gjennomføring av undersøkingar ved konvensjonell røntgen, CT og MR.
  • Tilrettelegge og assistere radiolog på ultralyd
  • Samarbeide med andre profesjonar og einingar 
  • Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til avdelinga
  • God pasienthandsaming.
  • Turnus med heimevaktsordning, og arbeid kvar 5-6 helg.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiograf
  • Meistre norsk godt, både skrifteleg og munnleg
  • Gode  IKT-kunnskapar
  • Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan CT og MR

Personlege eigenskapar

  • Godt humør og positiv innstilling
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Fagleg engasjert og interessert
  • Initiativrik og handlekraftig
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Arbeider godt i team

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb med moglegheit for utvikling
  • Gode kollegaer med mykje latter og humor
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilpassa opplæring
  • Vi har eigen vaktbustad som kan nyttast når ein har heimevakt
  • Sjukehuset har eigne bustader for utleige

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden

Kontaktinformasjon

Kathrine Søraa Kilen, Seksjonsleiar, +47 934 45 067

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4867384276

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Radiograf, Sykepleier
FINN-kode
373248229
Sist endret
01. okt. 2024 12:51