Pensjonistar som tilkallingsvikar Omsorg og sjukeheim
- Arbeidsgiver
- Ørsta kommune
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikar Omsorg og sjukeheim
- Frist
- 31.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Tenesteområdet Omsorg og sjukeheim søkjer etter pensjonistar som ynskjer å jobbe som tilkallingsvikar i pleie og omsorgstenestene våre?
Er du pensjonist med tid til overs og har lyst til å bidra med di erfaring og omsorg i pleie -og omsorgstenestene? Vi treng vikarar som kan stille opp ved behov og hjelpe oss med å skape ein trygg og god kvardag for våre brukarar.
Vi har behov for motiverte og dyktige personar som likar å arbeide med menneske.
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde avdelingsleiar. Tilsetting skjer fortløpande. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Erfaring, kompetanse og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing. Oppgi kva avdeling du ynskjer å jobbe i.
Arbeidsoppgåver
- gi helsehjelp, omsorg og støtte til våre bebuarar
- bidra til eit trygt og godt miljø i samarbeid med våre faste tilsette
- følge opp daglege rutinar i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- har eit stort hjarte for menneske og eit ynskje om å gjere ein forskjell
- har tidlegare erfaring innan helse, omsorg eller anna relevant arbeid
- er fleksibel og kan stillie op som vikar ved behov
- har gode kommunikasjonsevner og dsamarbediaer godt med kollegaer
Vi tilbyr
- Eit trivelegt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- fleksible arbeidsvilkår som passar din livssituasjon
- moglegheit til å bruke erfaringa di i ein meiningsfull jobb
Timeløn på pensjonistvilkår er pr. 1.1.2024 kr 245, pr time. Du vert då ikkje innmeldt i KLP slik at det påverkar pensjonen din.
IMeir informasjon og vilkår for å jobbe på pensjonistløn finn du her: https://www.klp.no/artikler/pensjonistlonn
Kontaktinformasjon
Dagrun Opsal, Avd.leiar Korttidsavdelinga, 48070965, dagrun.opsal@orsta.kommune.noIngrid Mork, Avd.leiar Solkroken, 47906593, ingrid.mork@orsta.kommune.no
Lisa Mari Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 48132814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no
Nina Måseidvåg, Avd.leiar Hjørundfjordheimen, 47600236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no
Sara Vartdal Vinjevoll, Avd.leiar Vartdal helsetun, 90035366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4865816998
Stillingsprosent: 1%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalevegen 6, 6153 Ørsta
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 373251598
- Sist endret
- 01. okt. 2024 01:00