Inaktiv

Driftsleiar/ driftsoperatør Vatn og Avløp 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Åseral kommune
Stillingstittel
Driftsleiar/operatør Vatn og Avløp 100% fasst stilling
Frist
24.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eininga drift og vedlikehald har ansvar for drift av vatn- og avlaupsanlegg, bygg, vegar, kyrkjegardar og
parkar/grøntanlegg.

Kommunen har 6 vatn- og avlaupsdistrikt, 3 ligg i dei ulike hytteområda, samt Kyrkjebygd, Logna og
Kylland. Eininga har drift- og fagansvar for desse.

Vidare har eininga ansvar for drift- og vedlikehald av kommunale veger/bruer, idrottsanlegg, leikeplassar,
parkar og kyrkjegardar. Alt vedlikehald av kommunale bygg ligg og til eininga.


Arbeidsoppgaver

Driftsleiar

  • skal i samarbeid med einingsleiar og VA ingeniør planlegge drift/vedlikehald av kommunen sine VA anlegg
  • skal koordinere drift/vedlikehald av kommunen sine VA anlegg, driftsmannskap og oppfølging på arbeidsplass.
  • har ansvar for bruk og vedlikehald av FDV systemet
  • vil få allsidige og varierte arbeidsoppgåver ved dei kommunale vatn- og avløpsanlegga, instalasjonar og
    tilhøyrande ledningsnett
  • vil få andre relevante oppgåver etter behov 
  • skal yte hjelp og pratisk bistand til dei andre tenesteområda

    Den som vert tilsett vil vere ein del av eininga si beredskapsteneste

    Det kan vere aktuelt å ha ansvar for evt lærlingar

Kvalifikasjoner

  • Driftsoperatørutdanning/relevant fagbrev, t.d rørleggar, elektrikar, automasjon, kjemi og prosess
  • Det er ønskeleg med erfaring frå anleggsfag
  • Grunnleggande datakunnskapar og vere fortruleg med bruk av PC og iPad
  • ADK -1 sertifikat er ønskeleg
  • Leiarerfaring vil bli tillagt vekt
  • Førarkort klasse B E

Personlige egenskaper

Vi ønskjer ein medarbeider som:

  • har gode leiareigenskaper, positiv holdning, god samarbeidsevne, evne til å ta ansvar og planlegge kort
    og langsiktig drift
  • har evne til å skape gode relasjonar
  • er fleksibel og har endringskompetanse
  • er engasjert

    Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt

Vi tilbyr

Spanande arbeidsoppgåver innan eit fagområde i utvikling

Gode fagmiljø med mogelegheit for kompetanseutvikling

Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Kjell Ljosland, Einingsleiar drift og vedlikehald, +47 41515700

Arbeidssted

Ljoslandsvegen 9

4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune


Referansenr.: 4862464658

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Ljoslandsvegen 9, 4540 Åseral
Stillingsfunksjon
Håndverker, Annet, Driftsoperatør/vaktmester
FINN-kode
373272860
Sist endret
02. okt. 2024 06:06