Inaktiv

Sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, 50% fast st. 

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Helse. Tilsetjing 50% fast sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid frå snarast
Frist
20.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga 

Pyskisk helse og rustenesta i Gulen kommune har i dag 4,1 stillingar fordelt på 7 tilsette. Frå snarast/etter avtale vert det ledig 50% fast stilling som sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid. Moglegheit for auka stillingsprosent. Sjukepleiar med påbegynt vidareutdanning innan psykisk helsearbeid kan og verte vurdert. 

Arbeidsområdet er heile kommunen med kontorstad i Eivindvik. Den som blir tilsett vil få ein variert arbeidskvardag med gode kollegaer, der det er mogleg å vere med på å utvikle tenesta. Vi har fokus på at fysisk aktivitet er bra for den psykiske helsa og ynskjer at aktivitet kan vere ein del av tilbodet som blir gitt. Dette gjer at samtalar og oppfølging av brukarar like gjerne kan skje gjennom aktivitetar som spaserturar, fjellturar, padling eller sykkelturar, som konsultasjonar på kontoret og heimebesøk


Me tilbyr 
  • Ein historisk og framtidsretta kommune med fin natur og kjekke folk! 
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Triveleg arbeidsmiljø 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff 
  • Ledig barnehageplass i kommunen 
  • Hjelp til å orientere seg i bustadmarknaden

Arbeidsoppgåver 
  • Individuelt klinisk arbeid 
  • Kartlegging/vurdering av brukarar 
  • Oppfølging av brukarar 
  • Samarbeid med interne og eksterne instansar 
  • Fleksibilitet i arbeidstid, noko arbeid på ettermiddag/kveld må reknast med 
  • Fysisk aktivitet/tur vert brukt som arbeidsmetode, og må vere gjennomførbart for den som vert tilsett 
  • Gruppetilbod ved nokre av dagsentera kan verte del av arbeidsoppgåvene 
  • Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 
  • Autorisasjon som sjukepleiar med relevant vidareutdanning innan psykisk helsearbeid. Sjukepleiar med påbegynt vidareutdanning innan psykisk helsearbeid kan verte vurdert. 
  • Det er ein fordel med relevant arbeidserfaring med målgruppa fra kommune- og/eller spesialisthelsetenesta 
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå kurs/gruppeverksemd (KID, angstmeistring, stressmeistring m.m) 
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg 
  • Førarkort klasse B 
  • Kunne handtere digitale verkty 
  • Gyldig helse- og politiattest må framvisast før ein startar opp i stillinga

Personlege eigenskapar 
  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og andre samarbeidspartnarar 
  • Strukturert, sjølvstendig, samarbeider godt og er initiativrik 
  • Vert motivert av å yte gode tenester og bidra til vidareutvikling 
  • Har god evne til etisk refleksjon 
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø 
  • Bidrar til ein stabil kvardag for brukarane av tenesta 
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk 
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar 
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest 
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 

Sektor
Offentlig
Sted
Eivindvikvegen 1086, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
373281834
Sist endret
02. okt. 2024 06:13