Rådgjevar
- Arbeidsgiver
- Møre og Romsdal friomsorgskontor
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Frist
- 14.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi søker etter ein engasjert rådgjevar i 100% stilling. Stillinga har kontorstad i Molde.
Møre og Romsdal friomsorgskontor har 26 tilsette, med hovudkontor i Molde, underkontor i Ålesund og Kristiansund.
Møre og Romsdal friomsorgskontor inngår i Kriminalomsorga region vest. Region vest med regionkontor i Bergen omfattar både Vestland fylke og Møre og Romsdal fylke. I Møre og Romsdal er det tre einingar, to fengsel og eit friomsorgskontor.
Arbeidsoppgåver
- oppfølging av straffedømte som gjennomfører straff i fridom; narkotikaprogram med domstolskontroll, samfunnsstraff, program mot ruspåverka køyring, møteplikt, samt oppfølging av botlagte
- planlegge eit kriminalitetsførebyggjande innhald i straffa
- koordinere og formidle kontakt mellom domfelte og forvaltningsapparatet/hjelpeapparatet
- drive utviklingsarbeid og programverksemd
- utarbeiding av personundersøking til bruk i straffesaker
- sakshandsaming etter straffegjennomføringslova
Møre og Romsdal friomsorgskontor har også oppfølging av domfelte under soning med elektronisk kontroll og §12- soning i institusjon. Den som vert tilsett må rekne med å ta del i heile verksemda sine oppgåver og drift. Ansvarsområda og oppgåvene kan endre seg da organisasjonen er i stadig utvikling. Det må påreknast noko reiseverksemd.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bachelor i barnevern, sosialt arbeid eller vernepleie
- tre års relevant erfaring
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- gode datakunnskap
- førarkort kl. B
Det er ønskjeleg at du har
- erfaring frå sosialt arbeid, rus/psykiatri eller vidareutdanning innan til dømes rus/psykiatri
- erfaring frå sakshandsaming
Personlege eigenskapar
- er sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
- jobbar systematisk, er effektiv og nøyaktig
- evne til å motivere for endring
- evne til å planleggje og strukturere ein arbeidskvardag med mange oppgåver og prosessar
- evne til å bidra til eit godt samspel på arbeidsplassen
- har personlege eigenskapar i tråd med etatens verdiar
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- stillinga som rådgjevar er plassert i stillingskode 1434, årsløn mellom kr 524 700 - 692 400. Rådgjevar krevjar tre års relevant erfaring. Frå løna vert der trekt 2 % innskot i Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til friomsorgsleiar Anna Melsæter tlf. 71246610, mob 950 62 520
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Strandgata 1, 6415 Molde
- Stillingsfunksjon
- Saksbehandler, Rådgivning, Annet
- FINN-kode
- 373287001
- Sist endret
- 01. okt. 2024 02:53