Sjukepleiar - 100% fast - Nordgardstunet

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar - 100% fast - Nordgardstunet
Frist
22.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vi har no ledig ein fast stilling som sjukepleiar i turnus på Nordgardstunet, Meland sjukeheim.  Gjennom eit prøveprosjekt kan du sjølv velge om du vil arbeide kvar 3. eller 6. helg i prøveperioden.

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar vil du i samarbeid med kollegaene dine vere med og organisere arbeidsdagen til beste for pasientane på avdelinga. Du arbeider godt i team, men også sjølvstendig. Du vil utføre sjukepleiefaglege prosedyrar, er med i eit tverrfaglig samarbeid og som primærkontakt får du eit tett samarbeid med pasient og pårørande.

Om Meland sjukeheim og Nordgardstunet

Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliteringsbehov. Vår visjon er: Omsorg med livsglede og kompetanse.

Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar som har ulike behov. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Du vil få faglege utfordringar med koplekse sjukdomsbilde, og vi ønskjer gjerne at du skal ha brei sjukefagleg kompetanse/erfaring. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar. Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur.

Kvalifikasjonskrav
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Kven er du?

Vi søkjer etter ein fagleg dyktig sjukepleiar med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.

Vi treng fleire mannlege kollegaer ved avdelinga vår, og menn vert derfor oppmoda om å søkje.

Vi tilbyr
  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Valg mellom arbeid kvar 3. eller 6. helg.
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,- over garantiløn etter Hovudtariffavtalen
Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

Sektor
Offentlig
Sted
Havnevegen 14, 5918 Frekhaug
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
373378902
Sist endret
02. okt. 2024 11:56