Sjukepleiar - 100 % - Radøy Velferdssenter

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar - Radøy Velferdssenter, 100% fast
Frist
28.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar med todelt turnus.  Stillinga har arbeid kvar 3. helg, eller mulighet for langvakter både i vekedagene og på helg.


Radøy Velferdssenter

Velferdssenteret er ein av fire sjukeheimar i Alver Kommune, og ligg 2 mil frå Knarvik. Sjukeheimen har plass til 38 pasientar. Sjukeheimen er inndelt i fire grupper, der to av dei er tilpassa for personer med demens. Vi har ei korttidsgruppe med plass til sju pasientar, der tre av dei er for pasienter med behov for palliativ tilnærming. Den største gruppa har plass til 17 pasientar som er somatisk sjuk.

Hos oss jobbar det mange ulike yrkesgruppar, til dømes lege, spesialsjukepleiare, sjukepleiare, helsefagarbeidare og pleiemedhjelpare. Som sjukepleiar hos oss vert du ein del av eit godt fagmiljø der vi har fokus på «kva er viktig for deg». Du vil få kollegaer med glimt i auge, og ein arbeidskvardag der latteren ofte sit laust. 

Velferdssenteret er deltar i TØRN-prosjekt på vegne av Alver kommune. Vi har jobba med oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning. 

Er du vår nye kollega?


Arbeidsoppgåver
  • Gi fagleg forankra pleie og omsorg til våre pasientar og pårørande 
  • Delta i daglege oppgåver i avdelinga og være ein god rollemodell for kollegaer og studentar 
  • Ha det sjukepleiarfaglege ansvaret for sjukeheimen på kveld og helg 
  • Ha legevisitt og påfølgande oppfølgingsarbeid
  • Dokumentasjon jfr helsepersonelloven 
  • Medikamenthandtering og lindrande behandling 
  • Bidra til godt og tverrfagleg samarbeid

Kompetansekrav

 

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg 
  • Du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse 
  • Du må ha gyldig politiattest
  • Du må ha gode kommunikasjonsferdigheter

Kven er du?

På Velferdssenteret ynskjer vi oss ein sjukepleiar som er beslutningsdyktig og handlekraftig. Du delar din kompetanse med kollegaer, og er innovativ. Det er viktig at du kan jobbe strukturert, og at du kan prioritere og delegere oppgåver der det er naudsynt. Du er løysingsorientert, sjølvsikker og open. Som sjukepleiar bidreg du aktivt til at pasientane får ein trygg og god kvardag, til tross for utfordringane dei har. Du bidreg til fagleg fokus, har godt humør og likar utfordringar. 

 

 


Vi tilbyr
  • Fagleg spennande arbeid
  • Fokus på medverknad og utvikling
  • Moglegheit for å jobbe bredt fagleg
  • Årsturnus
  • Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
  • Rekrutteringstillegg på 50.000 kr mot to års bindingstid

 

 


Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune


Sektor
Offentlig
Sted
Idrettsvegen 2, 5936 Manger
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
373415326
Sist endret
02. okt. 2024 12:24