100% fast stilling som assisterande avdelingssjukepleiar

Arbeidsgiver
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Stillingstittel
Offentlig godkjent sykepleier
Frist
27.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me lyser ut ei 100 % fast stilling som assisterande avdelingsleiar ved institusjon, Tokke helsesenter frå 01.01.25.

Stillinga er delt der 40 % er sett av til administrasjon og 60 % arbeid i sjukepleierteam.

Tokke helsesenter er ein del av helse og omsorgsetaten i Tokke, der assisterande avdelingsleiar inngår i helse og omsorgsetaten sin leiarteam med andre avdelingar i etaten.

På sjukeheimen praktiserast årsturnus (årstidsplanlegging) der tilsette sjølv er med å legg sin turnus. Avdelinga arbeidar med utviklingstiltak, som til døme oppgåvefordeling. Assisterande avdelingsleiar vil ha personalansvar for si delegerte gruppe. Sjukeheimen består av 28 årsverk fordelt på 3 avdelingar og vaskeri. Me søkjer deg som har lyst til å vera med å utvikla Tokke helsesenter, og som helst har leiarerfaring.

Innhald i stillinga er blant anna:

  • Hjelpe avdelingsleiar i dageleg drift
  • Kvalitetssikring av tenestene
  • Rettleie tilsette
  • Overordna ansvar for nytilsette, studentar og elevar
  • Planlegge og gjennomføre turnusprosessar
  • Hjelp til i oppfølging av sjukefråvær
  • Avløysar ved avdelingsleiar sitt fråvær
  • Ansvarleg for fagutvikling i avdelinga

Ønska kvalifikasjonar:

  • Autorisera sjukepleiar
  • Kjennskap til GAT og PROFIL
  • Du er strukturert og systematisk
  • Du kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre
  • Interesse for fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
  • Relevant arbeidserfaring frå sjukeheim
  • Du har positiv innstilling og ynskjer/pliktar å vera med på å vidareutvikle eit godt

    arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om vikariatet kan rettast til kommunalsjef for Helse og omsorg Ann Wraa.

Tlf: 35 07 55 01/ 97 02 14 22, e-post: ann.wraa@tokke.kommune.no

Velkomen som søkar!

Sektor
Offentlig
Sted
Revahaugvegen 2, 3880 Dalen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Ledelse
FINN-kode
373529564
Sist endret
03. okt. 2024 12:53