Helsefagarbeidar i årsturnus, dag/kveld/langvakt

Arbeidsgiver
Pleie og omsorg, Fyresdal kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar i årsturnus, dag/kveld/langvakt
Frist
02.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Vi er også med på nasjonale satsingar som "Gode pasientforløp" og "Kva er viktig for deg", vi innfører Kjernejournal og nyttar velferdsteknologi, vi er med i Tørn-prosjekt og deltek i interkommunalt simuleringsprosjekt. Vi har eige godt utstyrt øvingsrom med moglegheitar for fagutvikling og simulering,  vi har eigne fasilatatorer og instruktørar.

Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- og/eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på god ernæring og eit variert tilbod med fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling. 

Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. 1 ØHD-plass. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon.

Vi har legevakt i kommunen 24/7. 

Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget! Velkomen som søkar!


Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid med pasientnær kontakt og grunnleggande pleie- og omsorgsoppgåver
  • Observasjon og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
  • Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
  • Multidose- og generell legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, fagarbeidar med anna relevant helsefagleg utdanning (søkarar under relevant utdanning kan også bli vurderte)
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Er løysingsorientert og viser initiativ.
  • Er nytenkande, engasjert i aktivitet og kan motivere.
  • Er positiv og fleksibel, og kan jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
  • Har stor arbeidskapasitet, då kvardagen i pleie og omsorg kan vere hektisk.
  • Er tolmodig og har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Spennande faglege utfordringar, meiningsfulle arbeidsoppgåver og samarbeid i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.

Kontaktinformasjon

Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +47 90770830, gry.bergland@fyresdal.kommune.no

Arbeidssted

Prærien 23

3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune


Referansenr.: 4867980889

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Prærien 23, 3870 Fyresdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
373554083
Sist endret
13. nov. 2024 12:19