Stipendiat i strukturell modellering for ekstra store vindturbinar

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Stipendiat i strukturell modellering for ekstra store vindturbinar
Frist
14.11.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat

Ved Geofysisk institutt (GFI) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, finansiert av the Doctoral Network NEXTgenT (next generation of over 25MW offshore wind turbine rotor design) H2020 / Marie Skłodowska-Curie Action (MSCA, agreement no.101168855) og vil dekkja ein viktig del av aktivitetane ved Bergen Offshore Wind Centre (BOW), der fokuset er på å samanfatte grunnleggjande og bruksretta forsking innan vindkraft til havs. 


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

MSCA Doctoral Network dekker 4 sentrale forskingsaspekt: 1) vindkarakteristikkar og ressursar, 2) aerodynamikk, 3) strukturar og 4) aeroelastisitet. Tolv stipendiatar skal gjennomføre individuelle prosjekter på desse områdane. Alle forskingsspørsmåla i prosjektet reflekterer industribehov. Akademisk nyheit og innovasjon vil atterspeglast i metodikkane og løysningane. Forskingsresultantane vil bli formidla direkte til offentlegheitene og vitskapeleg miljø. Resultantane er både teknologiar og ein talentmasse for å akselerere neste generasjon storskala vindkraft til havs.

NEXTgenT-konsortiet har utmerka dekning av akademiske universitet og bransjeorganisasjonar, inkludert produsentar, energiselskapa, systemoperatørar, konsulenttenester og teknologiinnovasjonssentre. Videre har MSCA Doctoral Network mobilitet som eit nøkkelaspekt, og den vellykka kandidaten forventast dermed å bruke utplasseringar av fleire månadars varigheit med både industrielle og akademiske partnarar i løpet av ph.d.-perioden. 

Standard strukturelle modellar for XL OWT-ar (extra-large offshore wind turbines) er basert på lineære finitte element som er korrigerte for å å ta høgde for stivnings-/ mykingseffektar. På grunn av deira eksepsjonelt lave berekningskostnader og gode prediksjonsevnar, er desse modellane i dag den industrielle gullstandarden. Likevel blir OWT-er større og strukturelle responsar vil vise geometriske ikkje-lineæriteter. Modellar for å ta høgde for desse ikkje-lineæritetane finst og er godt utvikla, men er ikkje industristandard. Eigna av standard strukturelle modellar for aeroelastisk analyse av XL OWTs vil bli undersøkt for å avgjere kvar det er  uunngåeleg å bruke geometrisk ikkje-lineære formuleringar. Simuleringar for relevante belastingar med standard og ikkje-standard modellar vil bli utført og potensialet for forbetring av de prediksjonsevnene ved dataassimilering vil bli undersøkt. Optimaliseringsproblema for å tilpasse modellane slik at dei passar best til datasettane vil også bli formulert. Forskingsaktivitetane knytt til stillinga rettar seg også mot eit nært samarbeid med pågåande forsking ved BOW og GFI. Det forventast at resultantane som kommer frå disse forskingsaktivitetane vil bli publisert i høgt rangerte internasjonale tidsskrift.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i ingeniørvitskap, informatikk, matematikk eller fysikk og må ha levert masteroppgåva si for vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med strukturell analyse av «slender structures» og «finite element» metode (FEM) er eit krav.
  • Programmeringsferdigheiter(f. eks. Fortran, C++ og Python) er eit krav.
  • Erfaring frå enten vitskapeleg berekning eller numerisk optimalisering er ein føremon. 
  • Erfaring frå «supervised machine learning» er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha svært gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

Universitetet i Bergen er underlagd reglementet for eksportkontrollsystemet. Reglementet vil bli nytta i behandlinga av søknadene. Søkjar må ikkje ha budd og hatt hovudaktiviteten sin i same land som mottakarinstituttet (Noreg) i meir enn 12 månader dei siste 3 åra før tilsetjing. Dette er eit krav for alle MSCA-sponsa utvekslingsstipend.

I tillegg må den vellykka kandidaten oppfylle følgjande obligatoriske krav på rekrutteringstidspunktet:

  • ikkje ha fått tildelt doktorgrad

For stillinga gjeldt følgande

Om forskarutdanninga: 

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde
  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Professor Cristian G. Gebhardt, Geofysisk institutt og Bergen Offshore Wind Centre, epost: Cristian.Gebhardt@uib.no, tel.: +47 55 58 26 23

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgiver Maria Svåsand (maria.svasand@uib.no)

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.   

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Sektor
Offentlig
Sted
Allegaten 70, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Rådgivning
FINN-kode
373561942
Sist endret
03. okt. 2024 12:09