Instruktørtannlege (20 % fast)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Instruktørtannlege (20 % fast)
- Frist
- 17.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instruktørtannlege (20 % fast)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling 20 % som instruktørtannlege med arbeidsstad for tida ved Oral Diagnostikk som er ein del av Seksjon for kjeve- og ansiktsradiologi.
Oral Diagnostikk er ein avdeling i utvikling og som har ein sentral plass i den nye studieplanen som er under innføring på Institutt for klinisk odontologi i Bergen.
Arbeidsdag er for tida måndagar, men dette kan endrast.
Ein gjer merksam på at sjølv om ein tilsett har arbeid ved ein spesiell seksjon, så kan ein måtte flytte til anna seksjon etter behov ved klinikken.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, delta i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato
- minimum to års allsidig erfaring frå allmenn praksis som tannlege
- søkjar må ha interesse for tverrfagleg samarbeid og å sjå heile pasientens ynskjer og forventningar
- undervisningserfaring er eit krav og ønske om å formidle kunnskap til studentane er viktig
- det er ein føremon at søkjar har anna ekstern stilling for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter
Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk
For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Oslo og Bergen.
Vi tilbyr:
- spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- løn for tida kr 646 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten, eller kr 692 400 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
- søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge ved søknadsfristens utløp.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: overtannlege Stig Løvold, tlf.: 55 58 66 27 / 90073250 eller e-post: stig.lovold@uib.no
Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Årstadveien 19, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse, Lege
- FINN-kode
- 373647636
- Sist endret
- 04. okt. 2024 06:41