Helgestillingar /ringevikar /ekstrahjelp Ølve

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal
Frist
01.12.2024

Beskrivelse

Vi treng ringevikarar / ekstrahjelp / helgevikarar til heimetenesta i Ølve.

Hos oss er det varierte arbeidsoppgåver, som til dømes heimehjelp, dagsenter og å gi god omsorg og pleie til alle brukarane våre; dei som har omsorgsbustad ved Ølve alderspensjonat og dei som mottek tenester i heimen.

Om du kjenner deg usikker på å søkja, så send søknad, så kan vi ta ein prat, så kan vi i lag finne ut om dette kan vera noko for deg. 

Det er ein føremon om du har helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt. Vi oppmodar menn til å søkja.

Er du under utdanning som vernepleiar, sjukepleiar, lærar eller anna helsefagleg utdanning, kan du og få moglegheit til å bli tilsett med ei stipendordning.

 Kvalifikasjonar:

  • Gjerne helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt.
  • Førarkort klasse B.

 Personlege eigenskapar:

  • Nysgjerrig og vilje til å læra
  • Ikkje redd for å arbeide aleine
  • Omsorgsperson

 Vi tilbyr

  • Lønn ift. Gjeldande tariffavtale
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

Link til søknadsskjema: Søk her
Antall stillinger
3
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
373662820
Sist endret
04. okt. 2024 07:05