2. gangs utlysing: Prosjektleiar for nærtenestesenter

Arbeidsgiver
Vanylven kommune
Stillingstittel
Prosjektleiar for nærtenestesenter
Frist
21.10.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

 

Vanylven kommune søkjer etter prosjektleiar 100% som skal koordinere oppstart og drift av vårt nye nærtenestesenter, som er ein statleg pilot med samarbeid på tvers av sektorgrensene, og som skal vere ope for publikum.

Vanylven kommune vil frå 2027 få store utfordringar på grunn av endringar i demografien ved ei kraftig auke i tal innbyggjarar over 80 år. Dette vil bety ei kostnadsauke i helse- og omsorgssektoren, som vi ikkje kan løyse ved å omfordele ressursane internt mellom sektorane i kommunen. Vi må sjå på andre måtar å samhandle på, både internt og opp i mot statlege instansar. Kommunen skal gjennom nærtenestesenteret sikre samhandling med innbyggjarane, næringslivet og andre offentlege instansar, samt at vi må sikre at vi har rett ressursinnsats og kompetanse på dei ulike tenesteområda. 

Vi er ute etter ein person som kan sjå tenesteytinga i Vanylven kommune i nye auge, og kan vere med på laget for korleis vi kan omorganisere, effektivisere og digitalisere arbeidsoppgåver i vårt nærtenestesenter. Dersom du er rette kandidat for oss, kan vi tilby ein framoverlent organisasjon som har stor endringsforståing.

Stillinga er eit engasjement som varer ut 2026.


Arbeidsoppgåver

  • Operativ drift og publikumskontakt i vårt nærtenestesenter
  • Koordinering av kommunale og statlege tenester
  • Prosjektstyring i samsvar med kommunen sine  fastsette retningsliner for prosjektarbeid
  • Sakshandsaming og budsjettansvar innanfor arbeidsområdet for prosjektet

Andre arbeidsoppgåver kan verte lagt til stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning - relevant høgskuleutdanning med prosjekterfaring
  • Interesse og erfaring for system-, omstilling- og utviklingsarbeid 
  • Relevant erfaring med kommunens sak- og arkivsystem, ACOS 
  • Relevant erfaring frå kommunen sitt ERP-system, Visma Enterprise
  • Gode generelle IKT-kunnskapar
  • God kjennskap til offentleg forvaltning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi vil krevje erfaringa dokumentert.

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, systematisk og løysingsorientert
  • Faglig engasjert, initiativrik, ansvarsbevisst og nøyaktig i arbeid
  • Godt humør, inkluderande og høg endringskapasitet
  • Tydeleg, trygg og effektiv
  • Evne og vilje til å gjere både store og små arbeidsoppgåver

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg og personleg vidareutvikling
  • Løn etter avtale
  • Nedbetaling av studielån dersom du busetter deg i kommunen
  • Fleksibel arbeidstid 

Aktuelle kandidatar kan rekne med å verte kalla inn til intervju

 

Kontaktinformasjon

Andreas Chr Nørve, Kommunedirektør

Arbeidsstad

Rådhusvegen 1

6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune


Referansenr.: 4868817911

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse, Ledelse, Rådgivning
FINN-kode
373684432
Sist endret
09. okt. 2024 01:00