Inaktiv

Barnevernkonsulent

Arbeidsgiver
Vestre Slidre kommune
Stillingstittel
Barnevernkonsulent
Frist
27.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune har ledig fast stilling som barnevernkonsulent frå 01.01.2025.

Har du lyst til å vera med å utvikle tenesta vår? Då bør du nytte moglegheita til å søke no!

Opplysningar om arbeidsstaden og stillinga:
Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune er ei interkommunal
teneste der Vestre Slidre er vertskommune. Tenesta består av 6,2 årsverk godt
utdanna og engasjerte fagfolk. Tenesta er organisert under avdelinga Familie,
helse og førebygging. Barneverntenesta har fokus på å bygge gode og skreddarsydde
tiltak for barn, unge og familiar der dei bur, i tråd med ny oppvekstreform som
trådde i kraft i 2022. Barnevernet har eit stort fokus på korleis vi
organiserer tenesta for å sikre kvalitet og effektivitet i sakshandsaming. Det
leggjast stor vekt på tverrfagleg samarbeid innad og ut mot andre tenester.
Tenesta jobbar i hovudsak etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver
knytte til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak,
omsorgstiltak/fosterheim og ettervern. Du får difor en variert kvardag og bred
erfaring som barnevernkonsulent.


Arbeidsoppgåver

  • Undersøking og oppfølging av hjelpe- og omsorgstiltak.
  • Dokumentasjon, vedtaksskriving og overhalding av fristar i tråd med lovverk.
  • Partsrepresentant i Fylkesnemnda og øvrige rettsinstanser.
  • Deltakelse i akuttarbeid i barneverntenesta.
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar.

Kvalifikasjonar

  • 3-årig relevant utdanning på høgskule-eller universitetsnivå som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleier.
  • Det er ynskjeleg med påbegynt eller fullført masterutdanning eller annan relevant vidareutdanning.
  • Det er ynskjeleg med erfaring innan kommunal barnevernteneste.
  • Førerkort klasse B (Krav).

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer deg som:

  • har god relasjonskompetanse
  • kan uttrykke deg godt munnleg og skriftleg
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • har gode samarbeidsevner både internt og mot eksterne aktører
  • er fleksibel og har høg arbeidskapasitet
  • har eit fagleg engasjement
  • er trygg, raus og har evne til å bruke humor og varme i fagutøvinga
  • vil bidra til gode tverrfaglege løysingar
  • har ei grunnleggande positiv innstilling
 

Vi tilbyr

  • Kommunen legg til rette for at tilsette som ikkje oppfyller kompetansekravet som gjeld for tilsette i barneverntenesta frå 2031, får gjennomført vidareutdanning eller masterutdanning. 
  • Løn etter tariff. Som eit rekrutteringstiltak tilbyr vi minimum 8 års ansiennitet.
  • Ellers gjeld arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver.
  • Eit inkluderande, engasjert og kompetent arbeidsmiljø.
  • Moglegheit  for fagleg og personleg utvikling.

Kontaktinformasjon

Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, melanie.degen@vestre-slidre.kommune.no

Randi Stenberg, barnevernleiar, 97781956, randi.stenberg@vestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Slidrevegen 16

2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune


Referansenr.: 4868696566

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.10.2024

Sted
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Rådgivning, Barnevernspedagog
FINN-kode
373704626
Sist endret
07. okt. 2024 05:54