Er du vår neste sjukepleiar eller vernepleiar?
- Arbeidsgiver
- TSB poliklinikk, Stord DPS/BUP
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar
- Frist
- 31.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ved Tverrfagleg spesialisert rusbehehandling (TSB) har vi ledig 1 fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helse. TSB skal sikre rask vurdering og psykisk helsehjelp til innbyggarane. Tiltak er prega av tverrfaglighet og aktivt samarbeid både internt og eksternt. Frå hausten 2020 har vårt ansvarsområde knytta til LAR pasientar blir utvida, og omfattar og LAR-utdeling for pasientar busett i Stord kommune. Vi har eit kompetent og lokalt forankra tverrfagleg samansett team, beståande av overlege, psykologspesialist, klinisk sosionom og psykiatriske sjukepleiarar.
Stord DPS er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. TSB er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, allmennpoliklinikk for vaksne, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi er inne i ei tid med fokus på utvikling av tilbodet ved Stord DPS. Vi ønskjer at våre medarbeidarar skal ha god fagkompetanse på sitt område og vi legg til rette for vidare- og etterutdanning.
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåve utdeling av LAR-medikament
- Pasientoppfølging for LAR pasienter både poliklinisk og ambulant, som omfattar utgreiing, motivasjonsarbeid og behandlingsoppfølging
- Behandlaransvar for pasientar som er i LAR behandling
- Eksternt og internt samarbeid for ei heilskapeleg tilnærming til psykiske, somatiske og sosiale forhold
- Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
- Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer, interne/eksterne samarbeidspartnarar
- Fokus på fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, rettleiarar m.m.
- Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering
- Samarbeid med Interkommunal legevakt, førstelinjetenesta, NAV og andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
- Vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helsearbeid, eller annan relevant vidareutdanning, er ein fordel men ikkje eit krav
- Erfaring frå arbeid med rus / psykisk helse er ønskeleg
- Gode norsk ferdigheiter, skriftleg og munnleg
- Førarkort for bil
- Personlege eigenskapar og relevant erfaring blir vektlagd
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er fleksibel
- har evne til å stå i krevande situasjonar
- er ein god teamarbeidar
- har gode kommunikasjonseevner
Vi tilbyr
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
- Arbeid i tverrfagleg team.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi dette til kjenne i søknaden.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Stillinga er dagstilling, 37,5 timars veke.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ranveig S. Hjelland, Funksjonsleiar, 41 80 04 79, ranveig.shevanti.hjelland@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4867413987
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Tysevegen 64, 5416 Stord
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 373714729
- Sist endret
- 07. okt. 2024 06:07