Stilling som avdelingsleiar (100%)

Arbeidsgiver
LAN - LANGHAUGEN VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Stilling som avdelingsleiar (100%)
Frist
03.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Opplæringsavdeling i Vestland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregående skular, fagskular, lærlingsordning og vaksenopplæring gir vi Vestland viktig kompetanse. Langhaugen videregående skole har ca. 630 elevar og omlag 80 tilsette i utdanningsprogramma for studiespesialisering, og musikk, dans og drama.

Skulen har som mål å vera ein føregangsskule på berekraft, kultur og kreativitet, og ønskjer å skape eit vekstmiljø for faglet kunnskap og utøvande kunst. Etter skuleåret 2026-27 vil skulen gradvis utvide elevtalet til ca. 720 med ein ekstra parallell på musikk på kvart trinn.

Frå 1.10.2024 har skulen ledig avdelingsleiarstilling i 100% med fag- og personalansvar i tillegg til administrative oppgåver. På bakgrunn av skulen sitt behov er det ønskjeleg med utdanning og kompetanse innan fagområda som er knytt til avdelinga for realfag. 20-30% undervisning i realfag vil bli lagt til stillinga. Vi søkjer ein person med relevant utdanning, praksis som pedagog og erfaring med skuleadministrative arbeidsoppgåver. Avdelingsleiar rapporterer til rektor ved skulen.

 


Arbeidsoppgåver

  • Aktiv deltaking i skulen sitt leiarteam
  • Personalansvar for ca. 20 tilsette
  • Fagleg-pedagogisk arbeid
  • Forsøks- og utviklingsarbeid
  • Skuleadministrative oppgåver
  • Undervisning i ca. 20-30% (realfag)

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Det er ønskjeleg med leiarkompetanse og relasjonell kompetanse som er relevant for stillinga
  • Undervisningskompetanse
  • God digital kompetanse
  • Det er ein fordel å ha kjennskap til skuleadministrative system

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig i nært samarbeid med andre
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, med evne til å motivere, rettleie og leie
  • Kunne arbeide over tid med fornyings- og forbetningsarbeid
  • Vere strukturert, ansvarsbevisst og serviceinnstilt
  • Vere løysings- og resultatorientert og med god gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø og godt arbeidsfelleskap
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i ein skule med mangfald og i utvikling
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Andre opplysningar

  • Den som skal tilsetjast i vidaregående skule, må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetningar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
  • For spørsmål om stillinga, ta kontakt med rektor Berit Tesaker. 

Kontaktinformasjon

Berit Tesaker, Rektor, 45615661, berit.tesaker@vlfk.no

Arbeidsstad

Hagerups vei 17

5093 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4860813253

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Hagerups vei 17, 5093 Bergen
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
373715224
Sist endret
04. okt. 2024 12:30