100% fast stilling som styrar i Modnen barnehage

Arbeidsgiver
Modnen Barnehage
Stillingstittel
Styrar
Frist
28.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vil du jobba i eit miljø prega av glede, humor der haldningar og verdiar vert jobba med kontinuerleg?

Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgitt av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen. Saman med andre dyktige medarbeidarar skal me levera gode tenester og løysa samfunnsoppdraget.

Arbeidsoppgåver
  • Leia og følgja opp det pedagogiske arbeidet med planlegging, vurdering og utvikling av barnehagen sitt innhald og arbeidsmåtar, i samarbeid med dei pedagogiske leiarane

  • Leia arbeidet med å organisera barnehagen sine oppgåver og ressursar

  • Personalansvar

  • Foreldresamarbeid

  • Samarbeid med tverrfaglege team

  • Samarbeid med leiinga på skulen

  • Utvikla barnehagen i tråd med nasjonale og lokale føringar

Kvalifikasjonar
  • Godkjent 3-årig barnehagelærarutdanning

  • Styrarutdanning/leiarutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav

  • Erfaring som leiar

  • God arbeidskapasitet

  • God skriftleg og munnleg framstilling; nynorsk vert nytta som skriftform

  • Høg digital kompetanse

  • Kunne arbeida sjølvstendig, systematisk og målretta

Personlege eigenskapar
  • Har evne til å ivareta og vidareutvikla barnehagen sitt leike og læringsmiljø

  • Er strukturert og systematisk både på kort og lang sikt i arbeid med å oppnå gode resultat

  • Har evne til å samarbeida og setja retning

  • Er nytenkande, fleksibel og løysingsorientert

  • Er opptatt av å vera synleg overfor born, tilsette og foreldre og samtidig har evne til å få folk rundt seg til å trivast

  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagt

Me tilbyr
  • Spennande og varierte oppgåver

  • Konkurransedyktig løn

  • Faglege og engasjerte kollegaar i eit godt og varmt arbeidsmiljø med rom for alle

  • 6 planleggingsdagar i året

  • 10 leiardagar per år

  • Team som er godt etablerte på tvers av avdelingane

  • Barnehagen held stengt i påskeveka og i romjula

  • Betre bemanningsnorm enn det dei sentrale føringane tilseier

  • Hjelp til å skaffa husvære

Tilsetjingsvilkår
  • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jmf. barnehagelova § 30
Sektor
Offentlig
Sted
Skulevegen 10, 5783 Eidfjord
Stillingsfunksjon
Ledelse, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
373723438
Sist endret
04. okt. 2024 01:18