Inaktiv

Avsnittsleiar - Hundetenesten

Arbeidsgiver
FOT-Seksjon for operative spesialfunksjonar, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Avsnittsleder - Hundetjenesten
Frist
20.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste (FOT) ved seksjon for operative spesialfunksjonar, er det ledig stilling som politioverbetjent (stillingskode 0287) med funksjon som avsnittsleiar  ved avsnitt for hundeteneste. Stillinga er for tiden stadsplassert ved treningssenteret i Godvik, Bergen. 

Seksjon for operative spesialfunksjonar sitt oppdrag er vakt og beredskap, i tillegg til å drive operativ trening og vere ein premissleverandør for det operative faget i Vest politidistrikt. Den består av tre avsnitt, henholdsvis avsnitt for UEH og instruksjon,  avsnitt for hundeteneste og avsnitt for instruksjon, trafikk, sjøteneste og drone. I tillegg til seksjonsleiar og tre avsnittsleiarar består seksjonen av fleire fagleiarar, politispesialistar og polititilsette. Dei tilsette er fordelt på ulike lokasjonar, herunder Godvik, Førde/ Florø og Kvinnherad.

Hundetenesta er ein viktig del av vakt- og patruljeberedskapen til politiet, og ein kapasitet i den samla kriminalitetsbekjempinga. Politihunden skal gjennom proaktiv patruljeverksemd og forhåndsplanlagt bruk bidra til å førebyggja kriminalitet og tap av liv. Avsnittet har 16 tilsette og 7 av desse er kvinner. 

Vi søkjer deg som er motivert, handlekraftig og ein lagspelar som er genuint oppteken av å leie medarbeidarar ved et operativt spissa fagmiljø. Du evnar å samhandle på tvers for å sørgja for best mogleg ressursutnytting ved seksjonen for å levere best mogleg beredskap og tenester av høg kvalitet. 

Noko reiseverksemd må påreknast.


Arbeidsoppgåver

  • Personal-, resultat-, og HMS-ansvar for avsnittet
  • Ansvar for organisering og dagleg oppfølging av tilsette og oppgåver ved avsnittet
  • Ansvar for kompetanseoppbygging ved avsnittet
  • Leie og utvikle medarbeidarar ved avsnittet i tråd med gjeldande føringar
  • Sørge for god ressursutnytting og riktige prioriteringar
  • Aktiv deltaking i seksjonen sin leiargruppe og følgja opp og setja i verk leiargruppa sine avgjerder
  • Vera pådrivar for utvikling av eit godt medarbeidskap og kultur i tråd med medarbeidsplattforma
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Som leiar av avsnittet skal du utøve dagleg tryggleiksmessig leiing. Du skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tar hand om tryggleiken ved avsnittet.

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Vitnemål frå Politiskule/Politihøgskulen
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • Kunnskap om politidistriktet sitt plan-og instruksverk og styrande dokument
  • God kjennskap til politiets oppgåver og utfordringar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Erfaring frå teamarbeid og samhandling på tvers, internt og eksternt 
  • Kunnskap om HMS
  • Brei operativ erfaring
  • IP4 godkjend, eller kvalifisert og villig til å bli godkjend
  • Må kunne klarerast og autoriserast for HEMMELEG  
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Ønskeleg:

  • Leiarutdanning fortrinnsvis på høgskule-/ universitetsnivå og/ eller leiarerfaring blir vektlagt
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk er ein fordel
  • Brei politifagleg erfaring som sikrar forståing for politifaglege kunnskapar og ferdigheiter er ein fordel
  • Kunnskap om hundeteneste er ein fordel


Personlege eigenskapar

  • Evne til å setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling og kompetanseheving
  • Gode leiareigenskaper med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidarar
  • Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar
  • Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing både internt og eksternt, i eit heilskapleg perspektiv
  • Fremtidsretta leiar med relasjonelt mot som evner å utfordre det etablerte
  • Resultat- og løysingsorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
  • Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag

Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeiderplattform 

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga blir lønna som politioverbetjent SKO 0287 frå ltr  78/ 821.100,-  til  ltr 80/ 870.900,-  kr  brutto per år.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info)
  • Bedriftshelseteneste

Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling 

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr:24/228678 

Kontaktinformasjon

Andre Vatle Lilletvedt, Seksjonsleiar, 2475

Seksjon for HR, Spørsmål om elektronisk søknad/ CV, 207.Hr.politiet.no

Arbeidssted

Godviksvingene 174

5179 Godvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt


Referansenr.: 4862457026

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 20.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Godviksvingene 174, 5179 Godvik
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Sikkerhet
FINN-kode
373725363
Sist endret
07. okt. 2024 06:19