Avsnittsleiar - instruksjon, trafikk, sjøteneste og drone
- Arbeidsgiver
- FOT-Seksjon for operative spesialfunksjonar, Vest politidistrikt
- Stillingstittel
- Avsnittsleder - Instruksjon, sjø, trafikk og drone
- Frist
- 20.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste (FOT) ved seksjon for operative spesialfunksjonar, er det ledig stilling som politioverbetjent (stillingskode 0287) med funksjon som avsnittsleiar for instruksjon, trafikk, sjøteneste og drone. Stillinga er for tiden stadsplassert ved treningssenteret i Godvik, Bergen.
Seksjon for operative spesialfunksjonar sitt oppdrag er vakt og beredskap, i tillegg til å drive operativ trening og vere ein premissleverandør for det operative faget i Vest politidistrikt. Seksjonen består av tre avsnitt, henholdsvis avsnitt for UEH og instruksjon, avsnitt for hundeteneste og avsnitt for instruksjon, trafikk, sjøteneste og drone. I tillegg til seksjonsleiar og tre avsnittsleiarar består seksjonen av fleire fagleiarar, politispesialister og polititilsette. Dei tilsette er fordelt på ulike lokasjonar, herunder Godvik, Førde/ Florø og Kvinnherad.
Avsnitt for instruksjon, trafikk, sjøteneste og drone inneheld ei rekke viktige operative spesialfunksjonar for politiet. I tillegg til instruktørar innanfor køyreopplæring og operativ trening, har avsnittet ansvar for drone, herunder ein supervisior drone. Vidare har avsnittet ansvar for dagleg drift av sjøtenesten i Vest politidistrikt. Tilsette ved avsnittet deltek i distriktet sin vakt- og beredskapsteneste.
Vi søkjer deg som er motivert, handlekraftig og ein lagspelar som er genuint oppteken av å leie medarbeidarar ved eit operativt spissa fagmiljø. Du evnar å samhandle på tvers for å sørgja for best mogleg ressursutnytting ved seksjonen for å levere best mogleg beredskap og tenester av høg kvalitet.
Noko reiseverksemd må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, resultat-, og HMS-ansvar for avsnittet
- Ansvar for organisering og dagleg oppfølging av ansatte og oppgåver ved avsnittet
- Ansvar for kompetanseoppbygging ved avsnittet
- Leie og utvikle medarbeidarar ved avsnittet i tråd med gjeldande føringar
- Sørge for god ressursutnytting og riktige prioriteringar
- Bidra aktivt i seksjonen sin leiargruppe
- Fagansvar for innsatspersonell operativ teneste (IP4), herunder kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnere
- Hovedansvar for årshjulet som omhandlar IP - trening
- Oppdatering og vedlikehald av Vestportalen
- Ved behov bistå med å avholde IP- trening
- Halde seg oppdatert på faglig utvikling innann fagene instruksjon, drone, båt og trafikk.
- Kontaktledd/bindeledd mellom seksjonen og brukarane. Sørge for informasjonsflyt gjennom Ip kontakter, ledere og andre eksterne samarbeidspartnere
- Planlegge aktivitetskalender og sørge for daglsg drift av denne
- Adminstere lån av treningsfasilitetar som skytebane og taktikkbygg, til samarbeidspartnarar
- Må pårekne noko undervisningsaktivtetar knytta til avsnittsleiarstillinga
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Som leiar av avsnittet skal du utøve dagleg tryggleiksmessig leiing. Du skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tar hand om tryggleiken ved avsnittet.
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Vitnemål frå Politiskule/Politihøgskulen
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- Brei operativ erfaring
- Kunnskap om politidistriktet sitt plan-og instruksverk og styrende dokument
- Kunnskap om HMS
- God kjennskap til politiets oppgåver og utfordringar
- God skriftleg og munnleg framføring i norsk og engelsk
- God digital kompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system
- IP4 godkjend, eller kvalifisert og villig til å bli godkjend
- Må kunne klarerast og autoriserast for HEMMELEG
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskeleg:
- Leiarutdanning fortrinnsvis på høgskule-/ universitetsnivå og/ eller leiarerfaring blir vektlagt
- Brei politifagleg erfaring som sikrar forståing for politifaglege kunnskapar og ferdigheiter er ein fordel
- Kjennskap til Vestportalen eller tilsvarande system er ein fordel
- Bakgrunn fra IP3 eller tilsvarande er ein fordel
- Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Evne til å setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling
- Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar
- Gode leiareigenskaper, med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidarar
- Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing både internt og eksternt, i eit heilskapleg perspektiv
- Fremtidsretta leiar med relasjonelt mot som evner å utfordre det etablerte
- Resultat- og løysingsorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
- Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeiderplattform.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga blir lønna som politioverbetjent SKO 0287 frå ltr 78/ 821.100,- til ltr 80/ 870.900,- brutto per år.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info)
- Bedriftshelseteneste
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saksnr. 24/228681
Kontaktinformasjon
Andre Vatle Lilletvedt, Seksjonsleiar, 2475Seksjon for HR, Spørsmål om elektronisk søknad/CV, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Godviksvingene 1745179 Godvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4862468076
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 20.10.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Godviksvingene 174, 5179 Godvik
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Sikkerhet, Annet
- FINN-kode
- 373725652
- Sist endret
- 07. okt. 2024 06:25