Inaktiv

Økonomisjef

Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Stillingstittel
Økonomisjef
Frist
23.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Som økonomisjef i Sykkylven kommune vil du leie ei kompetent og engasjert avdeling. Du vil få moglegheit til å samarbeide tett med kommuneleiinga og øvrige tenesteområde for å sikre ei effektiv og heilheitleg økonomistyring. Er du ein inspirerande leiar med gode samarbeidsevner og ei strategisk tilnærming?  

Vi søkjar no etter ein handlekraftig og samfunnsengasjert økonomisjef som vil vere med på den vidare veksta i kommunen, og bidra til at kommunen lykkast med sine mål.

Som økonomisjef er du ein del av kommunedirektøren si samla leiargruppe, og har ei viktig rolle inn i kommunen si strategiske og økonomiske utvikling. Økonomisjefen rapporterar til kommunedirektør, og er ein viktig sparringspartnar for kommunedirektør, einingsleiarar og anna nøkkelpersonell.


Arbeidsoppgåver

Økonomisjefen har personal- og resultatansvar for fagområda rekneskap, innkjøp, eigedomsskatt og budsjett. Det er samla 4,5 tilsette på avdelinga.

Du vil i samarbeid med kommunedirektøren ha ansvaret for å legge til rette for god økonomisk planlegging, verksemdstyring og rapportering for kommunen, i tillegg til blant anna følgjande oppgåver;

  • Leie og vidareutvikle fagområda innan rekneskap, innkjøp og budsjett
  • Vere ein pådrivar for oppfylling av kommunen sine målsettingar saman med resten av kommuneleiinga
  • Ansvar for heilheitleg verksemdstyring og internkontroll i kommunen, i samarbeid med resten av kommuneleiinga
  • Bidra med politisk saksutgreiing, og sikre iverksetting og gjennomføring av politiske vedtak
  • Bidra til samarbeid og samhandling på tvers av kommunen sine tenesteområde

     Det kan komme endring i ansvar og oppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på masternivå, eventuelt kan lang relevant erfaring i tillegg til bachelorutdanning kompensere for kravet om mastergrad
  • God erfaring med økonomiske IT-system, og god forståing for digitalisering og teknologi
  • Strategisk og operativ innsikt i økonomiarbeid, inkludert god forståing for regelverket innan fagområdet
  • God rolleforståing og forståing for skjæringspunktet politikk/administrasjon
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk/nynorsk

    Det er i tillegg ønskeleg med kunnskap om økonomireglementet for kommuner og erfaring fra kommunal sektor eller annan offentleg verksemd. Solid erfaring fra privat sektor og god forståing for offentleg sektor vil også bli vurdert.

Personlege eigenskapar

Vi leitar etter deg som tek initiativ og finn løysingar i samarbeid med andre, samtidig som du også er uredd og har stor gjennomføringskraft.
Følgande personlege eigenskapar vil bli vektlagt:

  • Svært gode kommunikasjons - og samarbeidsferdigheiter, er truverdig og skapar tillit
  • God gjennomføringskraft og beslutningsevne
  • Tek ansvar og utøver leiing basert på tillit, openheit, respekt og tydelegheit
  • Har heilskapsforståing, evne til nytenkning og strategisk arbeid samtidig med fokus på totaloversikt og økonomisk utvikling i ei kommune
  • Søkjer moglegheiter for tverrfagleg samarbeid, forankrar og finn gode løysingar
  • Er analytisk, strukturert og vert driven av å skape gode resultat for kommunen som heilheit

    Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Eit spanande og utviklande arbeidsfellesskap med kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Lønn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Stillinga er unnateke arbeidstidsbestemmingane og har 10 ekstra fridagar som kompensasjon

 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. 

Kontaktinformasjon

Torbjørn Emblem, Kommunedirektør, +4746405610, torbjorn.emblem@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 62

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune


Referansenr.: 4868283371

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 23.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Ledelse, Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
FINN-kode
373727134
Sist endret
07. okt. 2024 06:15