Assistentar i helgestilling

Arbeidsgiver
Voss herad Heimeteneste sone vest
Stillingstittel
Ynskjer du å hjelpe andre i eigen heim?
Frist
14.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Voss herad har ledig faste helgestillingar i heimesjukepleien. 
Område Vest, avdeling heimesjukepleia søkjer nye engasjerte medarbeidarar.
Me har ledig faste helgestillingar med fortrinnsvis 2. eller 3. kvar helg.
Ta gjerne kontakt for ein hyggjeleg prat!

 

Om arbeidsstaden

Heimesjukepleia område vest er ei av 5 avdelingar som ligg under området. Me har vår base i 1. etg. på Voss sjukeheim. På dag/kveld/helg har me ansvar for heimebuande i vårt område. På natt server me heile kommunen. Du vil få trivelege og dyktige medarbeidarar!
Du vil vere ein viktig medspelar i arbeidet med brukarane våre.

 

Arbeidsoppgåver

  • Hjelpe våre brukarar med stell og pleie i deira eigen heim.
  • Du må kunne dele ut medisinar, medisinkurs får du av oss.

 

Me tilbyr

  • Spennande og utfordrande stilling i ein kommune i utvikling
  • Eit triveleg arbeidsmiljø, med trivelege og dyktige medarbeidarar!
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • God oppfylging og rettleiing av fagpersonell
  • Årsturnus
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

Me søkjer

Me ynskjer oss deg som er engasjert og trivst med å arbeida både på eigehand og i team. Har du "stå på vilje", engasjement og eit ynskje om å hjelpe andre, er dette rette plassen for deg!

Passar fint for deg som er helsefagelev, sjukepleiar-/vernepleiarstudent men også deg som likar å arbeida med mennesker.

 

Du må ha:

  • Ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse
  • Gode norskkunnskapar, både muntleg og skriftleg
  • Kjennskap til journalsystemet Gerica er ein fordel
  • Gyldig førarkort

 
Personlege eigenskapar som til dømes engasjert, positivitet og sjølvstende vert vektlagt. 
Intervju og tilsetjing kan verta gjort fortløpande.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 15, 5704 Voss
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
374250415
Sist endret
08. okt. 2024 06:07