60% stilling som helsefagarbeidar, natt ved Tenesta for funksjonshemma, Kinsarvik

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Frist
27.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

60 % stilling som helsefagarbeidar, natt ved Tenesta for funksjonshemma, Kinsarvik

 

Me har ledig fast nattevaktstilling ved Broto bufellesskap.

Stillinga er med arbeid kvar 4. helg. Me søkjer primært etter helsefagarbeidar, men andre med relevant

utdanning (barn/ ungdomsarbeider, sjukepleiar, vernepleiar) vert vurderte.

Broto bufellesskap ligg i Kinsarvik, og er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike

bistandsbehov.  Me driftar også eit avlastningstilbod, dagtilbod og ein gjenbruksbutikk som heiter Gjenbruksdraumar på Husemoen. Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag, og opptre mest mogleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.

 

Hovudarbeidsoppgåver

  • Vaken nattevakt

  • Målretta miljøarbeid kveld og morgon

  • Legemiddelhandtering

  • Skape tryggleik på natta

  • Praktiske oppgåver som blant anna reinhald

  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

 

Me ser etter deg som

  •  Har gode kommunikasjonsferdigheter

  •  Kan arbeide sjølvstendig

  • Trygg åleine på natt

  •  Har gode samarbeidsevne

  •  Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget og målgruppa vert tillagt stor vekt.

  •  Det blir lagt vekt på at du er stabil og personleg skikka til stillinga.

  •  Du må ha grunnleggjande datakunnskap, og du må meistre norsk skriftleg og munnleg

 

Me tilbyr

  •  Ein spennande og lærerik jobb

  •  Opplæring og rettleiing

  •  Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer

  •  Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  •  Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  •  Politiattest

 

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
FINN-kode
374374883
Sist endret
08. okt. 2024 09:10