100% fast stilling som assistent i heimetenesta

Arbeidsgiver
Ål kommune Heimetenester
Frist
27.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Yter du det vesle ekstra, er fleksibel og samarbeidsvillig? Då er du den vi er ute etter! Stillinga i heimetenesta består av oppgåver som å vere med brukar i daglege gjeremål og reinhald hos andre brukare. Vi ser etter deg som har evne til å gje omsorg og tryggleik, som kan skape førestelege, trygge kvardagar, og som har omstillingsevne. Du må kunne arbeide etter fastsette arbeids- og tiltaksplanar.

Vi søkjer deg som assistent eller helsefagarbeidar / hjelpepleiar. Vi kan legge til rette for at du kan ta fagbrev som helsefagarbeidar om ønskjeleg. Søkjar må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg. Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt til denne stillinga. 

Vi kan tilby god opplæring og eit hyggeleg arbeidsmiljø. Vi har gode turnuser med arbeid dag/kvelg og 3. kvar helg. 

 Lønsvilkår

  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • pensjonsordning i KLP
  • lokale tillegg

Politiattest og søknad:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Ta kontakt om du har noko spørsmål knytt til stillinga. Vi ser fram til å motta søknadan din!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Helsetunvegen 5, 3570 Ål
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
374414723
Sist endret
08. okt. 2024 12:49